Minneord over Karl Johan Breivik

Kjære pappa, no he du reist frå oss. Tilbake sit me som sto deg nærast i stor sorg. Livet består ikkje berre av solskinnsdagar, ei heller ditt. Du fekk ein tøff start, og bar preg av det. Du he streva mykje, opplevd mange tap. Dei siste åra he sjukdom teke deg frå oss bit for bit. Frå den spreke og vitale pappa kunne du på slutten nesten ikkje gå. Frå å ha svar på alt hadde du berre få ord att. Eg trur du ønska å sette strek no. Tida var inne for avskjed. Du fekk ein sjukdom som betyr ei endelaus rekke av tap, men nedover vegen var det og mange gleder. Me var mykje på tur, til Lårdal, Askje og Bandak. Me gjekk i Raulandsheian, og du var veldig takknemleg for at mamma tok imot deg og lot deg bu på Fjellheim. Det er me og mamma. Du blei veldig roleg. Du hadde stor glede av barnebarna dine, og var så varsom når du på slutten strauk dei på kjaken og sa te deg sjøl; forsiktig, forsiktig. Personar du før bar stor nag te fekk på ny ein plass i livet ditt. Kanskje var det ein velsignelse å få gløyme og få fred for demonane som tidlegare hadde jaga deg. Eg er trist for at det var så få av oss som sto løpet ut, men det var ikkje du som tapa på det pappa. Tusen takk kjære Anna, for all din omsorg. Dei siste dagane du var blandt oss var fylt med kjærlighet. Frå du blei akutt sjuk onsdag til du sovna inn på sondag var du aldri aleine. Du hadde vore nok aleine i ditt liv, den siste lange mila skulle du sleppe det. Me sat sammen, høyrde på Johnny Cash og mimra om gode dagar. Aldri vil me gløyme øyeblikket du drog vidare. Du var så sterk, men no skjønna me at kreftene var i ferd med å ebbe ut. Me sa til deg, at me er så glade i deg og vil savne deg, men skjønnar så inderleg vel at du no må kvile. Så slapp du taket, og trakk ditt siste åndedrag. Eg håpar du følte vår kjærlighet til deg, for det fortjener du kjære pappa. Trøsten er at du nå er uten plager. Gjenforent med dine kjære som vandra før deg. Kjære pappa, må du no få fred i den evige kvile. Roy Arne & Anne Berit

    DEL
{{score.total_count}}
Minneord over Robin Orre Svennungsen
Minneord over Robin Orre Svennungsen
Minneord over Henning Ødegaarden
Minneord over Henning Ødegaarden
Minneord over Petter Eggerud
Minneord over Petter Eggerud
Minneord over Wenche Kise
Minneord over Wenche Kise
Minneord over Lars Inge Glittum
Minneord over Lars Inge Glittum
Minneord over Benedikte Follegg Hol
Minneord over Benedikte Follegg Hol
Minneord over Benedikte Follegg Hol
Minneord over Benedikte Follegg Hol
Minneord over Knut Svein Tubaas
Minneord over Knut Svein Tubaas
Minneord over Karl Johan Breivik
Minneord over Karl Johan Breivik
Minneord over Gunnhild Øverland
Minneord over Gunnhild Øverland
Minneord over Randi Lekman Holm
Minneord over Randi Lekman Holm
Minneord over Johan Trondsen, fhv Lensmann og Ordfører i Nissedal
Minneord over Johan Trondsen, fhv Lensmann og Ordfører i Nissedal