Nattkafe

Lørdag 30. mars kl.20:00-23:00
Treungen bedehus
Treungen, NissedalÅpne kart
kart
Nissedal kommune og Nissedal sokneråd ynskjer å gje tilbod om laurdagsope ungdomsklubb og nattkafe`, 9 laurdagar framover, som eit prøveprosjekt. Vi ynskjer å etablere ein møtestad for ungdom der ungdommen kan vere saman, bli sett, lage mat og ete saman og ha aktivitetar i trygge rammer, på ungdoms premissar med trygge vaksne til stades. Laurdagsope ungdomsklubb vil vere ope frå kl. 19.00 – 23.00 og er på Fleirbrukshuset, Nattkafe`vil vere ope frå 20.00 – 23.00 og er på Bedehuset ved Treungen kyrkje. Det vil bli servert pizza som ungdommen kan vere med å lage på ungdomsklubb og nattkafe`. Vil du som vaksen vere med og hjelpe til? Vi vil gjerne ha deg meg, til å lage mat, vere med på aktivitet, eller berre slå av ein prat med ungdommen vår. Vi ynskjer å lage ei positiv ramme rundt ungdommen med fokus på gode sosiale rammer og følelse av meistring. Ynskjer du å vere med å bidra? Ta kontakt på e-post til: anne.espelid@nissedal.kommune.no for ungdomsklubb og anita.haugsjaa@nissedal.kommune.no for nattkafe` Desse laurdagane har vi tilbod: 2. feb: Laurdagsope ungdomsklubb 9. feb: Nattkafe 16.feb: Laurdagsope ungdomsklubb 23.feb: Laurdagsope ungdomsklubb 2. mars: Nattkafe 9. Mars: Laurdagsope ungdomsklubb 16. mars: Laurdagsope ungdomsklubb 23. mars: Laurdagsope ungdomsklubb 30. mars: Nattkafe Tilbodet er for ungdom fra 8. klasse til og med vidaregåande skule. Målsetting: Ungdommen i kommunen har ein trygg og rusfri stad å vere på laurdagskveldane. Prosjektet vil bli evaluert etter at det er ferdig. Velkomen 😊