FILM: On the road

Søndag 13. januar kl.18:30
Kafé Rauland (Sondov)
Rauland, VinjeÅpne kart
kart
Gode filmvenner! Sundag 13.01.19 kl 18:30 viser me den amerikanske filmen ON THE ROAD frå 2012. Filmen er basert på romanen "On the road" av Jack Kerouak som handlar om den såkalla "beat-generasjonen" i USA på 1950-talet. Det var ungdomar som stilte seg kritiske til den idylliserte og sminka framstillinga av livet i USA på den tida. To kameratar legg i veg mot vest for å finne ut av livet og seg sjølve. Filmen gjev eit godt bilete av mange sider ved tilværet gjennom deira mange møte undervegs, og er såleis ein mykje sjåverdig "road-movie" Filminfo: Regi: Walter Salles jr. Tale: Engelsk Tekst: Norsk Lengde 2 timar 4 min Aldersgrense: 15 år Kafé Rauland held som vanleg ope til filmstart. Kom i god tid, helst før kl 18, om du vil bestille varm mat. Sjå vedlegg med filmplakat og program, førebels ut februar. Velkomen på god film! Best helsing Rauland Filmklubb