Unni Boksasp Ensemble: Opus 72017

Fredag 15. februar kl.20:00
Vinjesalen, Raulandsakademiet
Rauland, VinjeÅpne kart
kart
Spelemannen Knut Dahle og komponisten Edvard Grieg levde i ein spesielt spennande og viktig tidsepoke for norsk kultur og musikkliv, og står som viktige og relevante skikkelsar også i dag. Unni Boksasp Ensemble har dei siste åra fordjupa seg i musikken etter Dahle og Grieg, men også i livssogene deira, og i menneska, historiene og mytane kring desse to markante skikkelsane i norsk musikkhistorie. Med dette som utgangspunkt, har dei skapt eit heilt nytt verk som har fått tittelen Opus 72017. Sentralt i det nye verket står 17 slåttar etter Knut Dahle (1834-1921) frå Tinn. Desse 17 slåttane, og Johan Halvorsen si nedteikning av dei, låg til grunn da Edvard Grieg komponerte Opus 72, Slåtter, i 1902. Unni Boksasp Ensemble presenterer no sitt eige Opus 72017: ei konsertførestilling med songar, slåttar og arrangement sterkt inspirert av både Dahle og Grieg, men med eit tydeleg stempel av Unni Boksasp Ensemble og notida. Unni Boksasp har skreve nye songtekster, og regi er ved Marianne Meløy som også har bidrege med manushjelp. Boksasp og ensemblet hennar har i fleire år gått i lære hjå Per Anders Buen Garnås for å fordjupe seg i feleslåttane etter Knut Dahle. Dei har lytta til arkivopptak med tinnspelemennene Knut, Johannes og Gunnar Dahle og Olav Øyaland. Dei har også spela seg gjennom, analysert og grubla over Grieg sine klaverstykke og krumspring i Opus 72. I tillegg til å arbeide med musikken, har dei lese seg gjennom store mengder litteratur om Knut Dahle og Edvard Grieg og menneska og samfunnet rundt dei. Den gamle, norske bondekulturen, utvandringa til Amerika, nasjonalromantikken, framveksten av turistnæringa i Norge, industrialiseringa og framveksten av det norske musikklivet med grunnlegginga av Oslofilharmonien og Harmonien i Bergen er berre noko av miljøet som blomstra omkring desse to kunstnarane, og som dei var med og sette sitt preg på. Unni Boksasp Ensemble ga ut si første plate Songar frå Havdal i 2007, og har i desse åra vore med og prega det norske samspelmiljøet innan norsk folkemusikk med konsertar og fire plateutgjevingar. Dei har vunne både Spelemannspris og fleire Folkelarmprisar for platene sine, og har turnert på scener og festivalar både i Norge og utanlands. No har dei teke eit nytt steg , og gått laus på eit nærmast "heilagt" materialet, som ingen før har arbeidd med som ensemble. Unni Boksasp (vokal, zitter), Trygve Brøske (trøorgel, piano), Magne Vestrum (kontrabass), Petter Berndalen (perkusjon) og Mats Edén (fele, hardingfele). Foto: Ingvil Skeie Ljones