Trygve K. Vågen & Per Anders Buen Garnås

Onsdag 16. januar kl.20:00
Årestoga, Raulandsakademiet
Rauland, VinjeÅpne kart
kart
PLATESLEPP - "På Møsstrond" (ta:lik) Trygve K. Vågen frå Møsstrond er Gibø-ætling – 4. generasjon etter Håvard. Han lærde fyrst heime, av faren Kjetil. Seinare har han gjenge inn i Dahle-tradisjonen, litt beinvegens, men òg via opptak og gjennom morbroren, Trygve O. Vågen. Trygve er aktuell med soloplata "På Møsstrond" (ta:lik), som blir sleppt i Årestoga denne kvelden. Per Anders Buen Garnås frå Bø lærde sud og nord på hardingfela i musikkskulen. Seinare har han, naturleg nok, henta slåttar og inspirasjon hjå onklane sine, Hauk og Knut. Olav Øyaland må òg nemnast som ei viktig kjelde. Per Anders har fleire plateutgjevingar og fire landskappleiksigrar bak seg. Billettar: kr 250,-/150,- Foto: Kjell Bitustøyl