Joleutstilling.

Lørdag 8. desember kl.11:00
Galleri Samvirke Vrådal.
Vrådal, KviteseidÅpne kart
kart
Fredag 30 november opna Galleri Samvirke i Vrådal døra for årets joleutstilling. Dette er ei salsutstilling der medlemane av Vrådal og Fyresdal målarklubb stiller ut bileta sine. I år kan me og by på ei særs flott knivutstilling, med knivar frå ymse knivlag i Telemark - og Vestfold, og knivar laga av enkeltpersonar. Utstillinga syner både bruksknivar - og stasknivar, både til kvinne og mann, og ymse storleikar og prisklasser. Ein handlaga kniv er ei gåve du har glede av heile livet, gildt å sjå - gildt å få. Galleriet held ope torsdag til og med sundag kl.11.00 - 16.00 fram til 31/12, stengt jolekvelden og 1.joledag. Alle er hjarteleg velkomne.