Film: Huset ved sjøen

Søndag 9. desember kl.18:30
Sondov
Rauland, VinjeÅpne kart
kart
Gode filmvenner1 Sundag 09.12.18 kl 18:30 viser me HUSET VED SJØEN (LA VILLA) Fransk film frå 2017. Regissøren Robert Guédiguian har laga nok ein film frå Marseille. Han har tidlegare laga fleire filmar frå arbeidarmiljø der, og denne filmen er ikkje langt unna. Forteljinga dreiar seg rundt arv og livsverdiar. Om deling og kursendringar i livet. Ein døyande far og tre middelaldrande sysken samlast i heimen ved havet i møte med både fortid og notid. I nabolaget gøymer det seg båtflyktningar som dei også må forhalde seg til. Dette er inga komedie, men heller ingen mørk eller dyster film! Filmskaparen Guédiguian er kjend for gode og truverdige skildringar, og nyttar dei same skodespelarane i sentrale roller. Han stod bak "SNØEN PÅ KILIMANJARO" (2011), som me me har vist tidlegare. Film info: Fransk film frå 2017 Regi: Robert Guédiguian Tale: Fransk Tekst: Norsk Lengde: 1 time 47 min Kafé Rauland held ope for filmklubben til kl 18:30 og ynskjer alle velkomne. Så kom gjerne i god tid til triveleg servering og treff før filmen. (Filmklubben sin Mat og drikke-dugnad er no avlyst) Velkomen på god film! Dette blir den siste filmen før jol, og me ynskjer alle ei god og roleg lysfest i mørketida. Beste helsing Rauland Filmklubb.