Viser og dikt

Tirsdag 11. desember kl.18:00-20:00
Rauland omsorgssenter
Rauland, VinjeÅpne kart
kart
Viser og Dikt skal denne gongen møte på Bygdeheimen, eller Rauland Omsorgsenter som det no heiter. Og me skal ynskje joli velkomen, og mimre litt om ”en gammeldags juleaften”. Det blir mykje song og musikk, og sikkert overraskingar denne gongen også. Sist dreidde det seg om 100-år. Det blei det mykje moro av. Aud Schønemann blei sitert på: ”Det skulle ikke undre meg om jeg blir 100 år så fort som tida går.” Hilda Tjønn las eit dikt til ein 100-åring, som vi kan få møte denne tirsdagskvelden. I høve 100 års jubilanten Norsk fengselsvesen, spela Tone Lognvik ein innsatt på Skogleiren i Nissedal. Eivind Rønjom gav oss innblikk i Aslak Valkepä si dikting. Musikantane våre, Bjønn og Eystein hadde båe nye viser. Dei er fulle av idear, og Anna fylgjer lystig opp på pianoet. Andre 100 års jubilantar blei trekt fram i dikt og song, som André Bjerke, Hans Børli og Vidar Sandbeck. Hamsuns ord ”Om hundre år er allting glemt” er jo bare tull. Åsta ØK fokuserte på korleis blir ein 100 år. Nyare forskning har kome fram til at det viktigste er å vera sosial, ha nokon å bry seg om og vera i lag med. Vel møtt til ein slik sosial og foryngande kveld.