Mitt nabolag – mitt dobbeltliv

Torsdag 8. november kl.19:00
Granvin kulturhus i Seljord
SeljordÅpne kart
kart
Christian Stejskal fortel om reisa si, frå livet som fiolinist ved Kairos opera til livet blant kristne i Kairos Garbage City. Stejskal gjekk 7.000 km til fots frå heimbyen sin Wien til Kairo. Der livnærte han seg som musikar ved operaen, medan han budde blant minoriteten Zabaleenarane - dei kristne søppelarbeidarane i Garbage City. Gjennom forteljing, foto, video og arabisk og koptisk musikk framført på fiolin, tek Stejskal oss med på ei reise gjennom livet til sju ulike menneske i Kairos søppelområde. Arr.: Granvin kulturhus og Seljord bibliotek, i samarbeid med VTB og med støtte frå Fritt Ord. Billettar á kr. 250/125 på www.granvinkulturhus.no