Øyunn Romtveit - «Viser av Aasmund O. Vinje»

Lørdag 8. desember kl.14:00
Årestoga, Raulandsakademiet
Rauland, VinjeÅpne kart
kart
Som me veit er det i år to hundre år sidan Aasmund Olavsson Vinje blei fødd. På tampen av Vinje-året vil kvedaren Øyunn Romtveit halde solokonsert der ho syng viser av Aasmund Vinje som ho lærde heime som lita. Dette er viser Vinje skreiv, og som syngjast til folketonar som alt fanst på Vinje si tid. Døme på slike er Hjonlaus, Lenda frå Land og fleire viser frå Storegut. Øyunn vil også «krydre» konserten med nokre slåttestev og kanskje eit par jolevers. I 2011 gav Øyunn Romtveit ut plata «Kveding i heimetradisjon» (Etnisk musikklubb), som inneheld nokre av desse visene. Øyunn Romtveit er oppvaksen i Vinje, med den eineståande folkemusikken frå Vest-Telemark. Det var stor vyrdnad for folkemusikk i familien. Det er ikkje så rart at kveding og felespil er hennar musikk – alle dei næraste skyldfolka hennar song eller spila. Heilt frå Øyunn var nyfødd kvo og spila dei rundt henne te dagleg. Heime synest dei Vinje var gjev, og song jamnleg visene hans. Øyunn er takksam som fekk vakse inn i denne musikken, og for forteljingar og sogur som fylgde med. Billettar: kr 200,- / 100,-