Jolemarknad m. smykkedesignarar og konsert

Lørdag 8. desember kl.11:00-16:00
Telemarkstunet
Fv852 35, RaulandÅpne kart
kart
I dag er det konsert med Øyunn Romtveit kl. 14 i Årestoga. Ho presenterar A.O. Vinje i kvedartradisjon. Arrangør er Folkemusikkscena på Rauland. Inngang kr. 200,-. 8. og 9. desember kjem smykkedesignarar Linn Sigrid Bratland og Marie Ridderhus til Gardsjordstoga! Linn Sigrid Bratland frå Edland har fått stor merksemd for sin smykkedesign – også ute i den store verden. I 2016 representera ho Noreg i Milan på utstillinga Artistar Jewels der ho fekk mykje skryt og medieomtale. Verkstaden på Edland husar nå heile tre sølvsmedar, inkludert Linn Sigrid som står for designutvikling. Marie Ridderhus kom til Rauland som student på USN. Ho har hatt praksis hjå Linn Sigrid Bratland og har nå eigen verkstad på Nesland. Smykker frå Ridderhus har også nådd langt utanfor Rauland og ein kan finne Ridderhus smykker på scenen med bandet Gåte. Båe Linn Sigrid Bratland og Marie Ridderhus lar seg inspirere av naturen i Vinje og uttrykker dette i sølv og emalje på kvar sin måte. Her finn du eksklusive julegåver til dei som sett pris på norsk design og lokalprodusert kvalitet. Jolemarknaden på Telemarkstunet held ope laurdagar og sundagar frå 24. november t.o.m. 16. desember kl. 11-16. Låven byr på fine handlaga gåver. Ein kan fylle på med kling baka i Stallen og steinomnsbakte brød og boller frå Eldhuset. Kafe i Gardsjordstoga med brau frå Lega. Hegne har flyttet inn i Loftet og har alt frå ulltøy og te til ADL hjelpeprodukt. Program med utstillarar og konsertar kjem her: https://visitrauland.com/raulandsakademiet/jolemarknad/