Dagstur til ytre Valevatn

Lørdag 13. oktober kl.10:00-17:00
Hauggrend i Fyresdal
FyresdalÅpne kart
kart
Dagstur, der vi køyrer til enden av Rolleivstadvatn. Fylgjer fin stig inn forbi Sveigstøylane, Smedbu og Nystøyl før vi tek opp vassdraget til ytre Valevatn. Her finn ein også ein del tufter etter tidlegare støylar som t.d.Frøysnestøylen. Terreng: Lang dagstur. Naturlos: Sigmund Nærum. Tlf. 906 17 033 Fast møteplass er på Bankplassen ( Sparebanken Sør) i sentrum. Tak med passande klede, mat, hovudlykt/lommelykt og god turlyst. Alle som er med går turen på eige ansvar. Atterhald om endringar i oppsette turar. Turar merka med * har bok på toppen. Toppturgruppa «På Tøpp i Førsdal» v/Gunhild Tlf. 957 91 511 eller e-post gm@telefiber.no