Tvisyn - ei forestilling om ein døl ved ei anna

Torsdag 8. november kl.11:30
Bamble bibliotek og litteraturhus
Stathelle, BambleÅpne kart
kart
Det er i år 200 år sidan Vinje blei født, men tvisynet hans er i høgste grad aktuelt også i dag - eller bør vere det! Er Dølen flogvit eller flåkjeft? Poet eller potet? Eller rett og slett potetspritbrennar? "TVISYN - om ein døl ved ein annan" er ei framsyning med stand-up og magisk realisme, biografiske fakta og løgn, alvor og skjemt. Vi fylgjer både dølen Vinje og ein litt forsoffen døl av i dag på ei reise på kryss og tvers av både tid og geografi. Med Leif Arild Sanden som Aasmund Olavsson Vinje og seg sjølv. Forestillinga er samproduksjon mellom Sanden kulturupplivingar, Teater Ibsen, Grenland Friteater, og Riksscenen.