Tvisyn- ein døl om ein annan

Fredag 12. oktober kl.19:00
Vinjehuset
kart
Det er i år 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinje blei født, men Tvisynet hans er i høgste grad aktuelt også i dag- eller bør vere det! Dette er ei soloforestilling med vest-telemarkingen Leif Arild Sanden som A. O. Vinje og seg sjølv. Vi kjem innom både barndom, vaksenliv, poesi, mykje humor, tvisynt journalisme og sparkande satire. Var og er dølen ein flåkjeft- eller eit flogvit –altså geni? Poet eller potet? Eller rett og slett ein potetspritbrennar? Ei forestilling med stand-up og magisk realisme, biografiske fakta og litt løgn, alvor og skjemt. Forestillinga er musikalsk bildelagt av Spelemannsprisvinnaren Anne Hytta, manus og regi har Tor Arne Ursin og Leif Arild Sanden stått for. Dette er ein samproduksjon mellom Sanden kulturupplivingar, Grenland Friteater og Teater Ibsen. Etter forestillinga blir det kviss i vestibyla.