Viser og dikt

Tirsdag 13. november kl.18:00-20:00
Raulandshuset, kapellet
Rauland, VinjeÅpne kart
kart
Det var kaldt og goldt på Sondov den 9.okt, men når lokalet blei stengt av til eit lite rom og folk strøymde på, i alt 40 personar, så blei det både trongt og varmt og triveleg. No blir det nye drivarar på Sondov, men denne gongen må vi vera i Kapellet. Denne kvelden var Vinje Viseklubb gjester. Folk var forventningsfulle og blei ikkje skuffa. God stemning med allsong og musikk og skøy. Populære var jazznumra der Nina Svendsen song til somme. Publikum storkosa seg. Kaffipause og rødur er viktig del av kveldane, og at alle kan koma med det dei har. Både Hilda Tjønn og Birgit Landsverk imponerte med eigne dikt, men av alle imponerte Asle Storlid stort. Det lange diktet Bygda søv av Jakob Sande framførte han utanboks utan nøling, - og framførte suverent med ”beherska” dramatikk. I år, 2018, er det så mange 100-årsjubilantar, både foreiningar og diktarar, så tysdag 13. nov. skal det dreie seg om 100 år, ja 200 med. Då er det berre å finna fram noko om alder og år. Hugs ”Dei gamle er eldst”, slår gruppa fast og ynskjer alle velkomne.