Haustutstilling 2018

Torsdag 27. september kl.11:00-17:00
Galleri Samvirke Vrådal.
Vrådal, KviteseidÅpne kart
kart
Velkomen til Haustutstilling i Galleri Samvirke. Utstillinga er ei salsutstilling med bilete av Toralf Møller Hansen frå Vrådal ,og Gunnar B. Grunnvik frå Fyresdal. Båe er medlemar av Vrådal og Fyresdal målarklubb. Dei har delteke på fleire kurs og utstillingar, kvar for seg og saman. Dei har kvar sin unike uttrykksmåte. Inspirasjonen finn dei i naturen, kvardagsliv og hendingar i livet. Det er ei flott og variert utstilling med nydelige motiv og fine fargekombinasjonar. Utstillinga har fått tittelen " Auga som ser ".Det å måle handlar om formidling av tankar og kjensler. Når ein målar,og brukar eigne fargar og teknikkar, så skapar ein sitt unike uttrykk. Me, som ser på bileta, tolkar bileta ulikt grunna eigne opplevingar i livet. Kven kan sei at nokon bilete er gode eller dårlege? Det finns inga fasitsvar. Mykje handlar om smak og behag, men det vil alltid være «noko» i bileta som gjev ei personleg opplevning. Gunnar B. Grunnvik målar figurativt. Han vil syne fram mange flotte og varierte landskapsbilete med fargar og ljos. Han målar ogso bilete som skildrar nærleik og kjærleik mellom menneskje og natur. Han har hatt ei særdeles god utvikling, og i haust skal han delta på Telemarksutstillinga for fyrste gong. Me gler oss veldig! Toralf Møller Hansen pendlar mellom det figurative og abstrakte. Fargar og balanse er viktige elementar i bileta. Bileta er varierte, og kan vekke undring og ettertanke hos den som ser. Galleriet held ope onsdag til laurdag kl.11.00 - 17.00, frå 7.september og fram til 29.september. Me vonar mange tek turen innom, bygdefolk og turistar. Velkomen til dykk alle!