Torgdag og baklukesal

Lørdag kl.11:00-16:00
Telemarkstunet
Fv852 35, RaulandÅpne kart
kart
Som i tidlegare år ynskjer vi velkomen til ein fin familiedag der alle som har noko å selge eller vise fram kan gjere det. Raulandsakademiet står for sal av vafler, kaffi og varme retter i Gardsjordstoga. Husflidsnemnda stiller opp og opnar dørene til Låven med alle sine fine handverksprodukt. Bakeria kjem i gang med steinovnsbakte bollar og brød, nysteikt kling og flatbrød. Det som vi manglar er deg! Mange besøkande set pris på å kunne handle lokale eller økologiske produkt direkte frå dei som lager dei. Det er god plass ute for dei som vil stå i friluft. Du stend sjølv for rigging av stand, sei frå om du treng straum. Gardsjordstoga og Årestoga er ledig for dei som ynskjer tak over hodet – her er det plass til fleire handverkarar. Prisar: • Pris pr stand (inne eller ute) for matprodusentar og andre professjonelle kr 500.- • Pris for bil med open bakluke for sal av bruka ting kr 100.- Vi reknar med mange hyttefolk og fastbuande! Vi håpar på fint ver og mange gode produkt frå ein god haust. Tinge stand/plass til bil: Tlf. 35073292 eller post@raulandsakademiet.no seinast 19. september.