Skeidet i Fyresdal

Fredag 17. august kl.18:00 til søndag 19. august kl.15:30
Øyskogen i Fyresdal sentrum
FyresdalÅpne kart
kart
Årets mellomalder-arrangement med marknad, hestestemne og historiske føredrag! Kom og opplev hestar, mat, busal, handverk, femkamp, musikk, vikingfest, distanseritt og mykje mellomalderstemning. Inngang til marknaden er gratis - kjøp støttelodd. Mange flotte gevinstar! PS. Skeidet har vore arrangert i Fyresdal i over 1000 år - Noregs einaste "skeistein" på sin opphavelege plass finst på Molandsmoen. Sjølve Skeidet føregår i Øyskogen i Fyresdal sentrum - som er del av Telemarks største felt med gravhaugar frå folkevandringstida. Her finst også historiske bygningar frå 15- til 1800-talet. Fredag: Skeidstart 18.00 Innriding til Skeidsteinen (Molandsmoen), Opning ved ordførar Erik Skjervagen 19.00 HESTANE I GRAVHAUGANE Føredrag av forfattar Øystein Morten, kantina Gimle skule (hesteparkering utanfor!). Inngang kr. 150,- Enkel servering Laurdag: Mellomaldermarknad og vikingfest 12.00 Inntog til Øyskogen med hesteparade 12.30 - 17.00 Mellomaldermarknad og matsal i Øyskogen. Aktivitetar for born, riding og musikk FRI INNGANG - kjøp støttelodd! 14.00 - 16.00 Femkamp - prøv deg i eldgamle konkurransegreiner! 16.00 Barneteater - urframføring etter teaterworkshop 17.00 Premiering femkamp. Stemning og kvad kring bålet 19.00 Lauging ved stranda (ved godt vêr - ta med badetøy) 19.00 JARNVINNA I FYRESDAL - Føredrag av Arne Espelund, Fyresdal B&B (Vertshuset). Arrangør: Sogelaget 21.00 Vikingfest med Ove&Ronny (for vaksne) på Meieriet Sundag: Vikingritt og marknad 09.00 Innsjekking til vikingritt (for deltakarar) 10.30 Vikingrittet startar frå Øyskogen. GPS i museumsbygget! 10.30 - 15.00 Mellomaldermarknad og matsal i Øyskogen 15.00 Premiering vikingritt og slutt Arrangør: Foreininga Skeidet i Fyresdal, skeidet@plassane.no Sjå også facebook.com/skeidet