Anne Hytta og Johanne Flottorp i Årestoga

Onsdag 28. november kl.20:00
Årestoga, Raulandsakademiet
Rauland, VinjeÅpne kart
kart
Vi får høyre solo hardingfelespel av øvste klasse når Anne Hytta og Johanne Flottorp gjestar Folkemusikkscena og Årestoga denne novemberkvelden. Anne Hytta fra Sauland i Telemark, bosatt i Oslo, er prisbelønt hardingfelespiller og komponist som arbeider både med det tradisjonelle folkemusikkrepertoaret og med nyskrevet musikk. De smidige linjeføringene i vår gamle tradisjonsmusikk er utgangspunktet hennes i alt musikalsk arbeid. Som frilansende musiker er hun involvert i en rekke ulike prosjekter, fra middelaldermusikk til improvisasjonsmusikk, fra solo til større ensembler. Som 11-åring begynte Anne Hytta i hardingfelelære hos spelemannen Einar Løndal (1914-1006) fra Tuddal i Telemark. Han kom fra en familie av spelemenn i mange generasjoner, og faren Svein forma ut slåtter i egen stil, seinere kalt Løndalspel, som på mange måter er det musikalske morsmålet til Hytta. Hytta er mottakeren av en rekke priser, bl.a. Spellemannprisen i kategorien Folkemusikk/Tradisjonsmusikk for soloplata "Strimur" (ta:lik, 2017). Johanne Flottorp frå Åmli i Aust-Agder er ein allsidig musikar og ein stødig solist på hardingfele. Når ho er aleine med fela, spelar ho i hovudsak slåttar frå Tovdal, Setesdal og Telemark. Spelestilen hennar er energisk og kraftfull, og ho jobbar med det råe og kvasse i uttrykket der det trengst, kombinert med det såre og vare der det høver betre. I tillegg til å spele nokre former slik ho har lært dei av læremeistrane sine, synest ho det er viktig å setje sitt eige stempel på spelet. Dette har ho jobba med i mange år, men spesielt dei to siste åra på Noregs musikkhøgskule (NMH) konsentrerte ho seg om dette. Der tok ho tak i nettopp småslåttar frå heimtraktene og byrja å forme dei litt om. Etter at Johanne avslutta studiane på NMH i 2017, har ho halde fram med det samme prosjektet, og i september 2018 er ho klar med si første soloplate. Plata blei spelt inn i Ormøya kirke i Oslofjorden i april i år med Niels Jørgen Røine bak spakane. På plata presenterer Johanne favorittslåttane sine. Der får ein høyre alt frå velkjende setesdalsgangarar i nye former til ukjende teleslåttar som ikkje legg noko imellom. Billettar: 200,-/100,-