Ragnhild Furholt trio i Årestoga

Onsdag 22. august kl.20:00
Årestoga, Raulandsakademiet
Rauland, VinjeÅpne kart
kart
Våren 2018 slapp Ragnhild Furholt trio plata "Vårevinden" (ta:lik). 22. august kjem trioen til Rauland og Årestoga for å opne haustsesongen på Folkemusikkscena! Ragnhild Furholt er vaksen opp i Songdalen i Vest-Agder, men har nå vore busett lengst i Telemark, heilt sidan 1989. I dette fylket blomstrar folkesongen kan hende meir enn nokon annan stad i landet, og Ragnhild syng gjerne dei flotte visene her. Likevel kjenner ho seg mest heime i songmaterialet frå Agder, og det er mykje å gripe fatt i. Spesielt i Vest-Agder er det svært få som syng dei gamle visene og steva. Ragnhild har vore så heldig å få møte eldre songarar med ein særprega stil. Repertoaret har ho såleis både direkte etter eldre songarar, etter arkivopptak og ho har tolka eldre notenedteikningar. Gjennom dette prosjektet har Ragnhild eit ønskje om at stoffet som blir presentert skal inspirere folk til å bruke det og få lyst til å leite fram endå meir. Det finst så uendeleg mange songar som bør vekkast til live. På "Vårevinden" samarbeider Ragnhild med to ihuga multiinstrumentalistar: Anders Røine (f. 1971) og Elisabeth Vatn (f. 1973). Både Anders og Elisabeth har deltatt på fleire cd-prosjekt med folkemusikk og på tvers av ulike stilistiske sjangrar. Begge er godt innafor folkemusikksjangeren samstundes som dei tilfører noko nytt. Ragnhild Furholt - vokal Anders Røine - gitar, langeleik, hardingfele og munnharpe Elisabeth Vatn - trøorgel, klarinett, meråkerklarinett, calimba Billettar: 200,-/100,-