Separatutstilling Arne Kleng Dahle.

Søndag kl.11:00-17:00
Galleri Samvirke Vrådal
Vrådal, KviteseidÅpne kart
kart
Vrådal og Fyresdal målarklubb ynskjer alle hjarteleg velkomne til opning av separat/salsutstilling med bilete av Arne Kleng Dahle fredag 6 juli kl. 18.00 i Galleri Samvirke i Vrådal sentrum. Arne Kleng Dahle er fødd i 1935 i Stavanger, men bur no på Gvarv, er billedkunstnar og lærar. I dei stemningsfulle bileta han målar, kan ein tydeleg sjå at han er oppteken av kraftfulle fargar og ljos, og han vonar at han med det og kan formidle målarglede. Motiva som er av norsk natur er ofte sterkt abstraherte, men likevel med gjenkjennelege landskap. Ofte preges og motiva av å være måla i motljos - som om ljoset trenger seg fram i biletet. Arne Kleng Dahle har delteki på fleire kunstutstillingar både innenlands - og utenlands, og med fleire separatutstillingar i Noreg. Han er medlem av Telemarks Bildande Kunstnarar, der han og har vore Formann. Me vonar mange tek turen innom denne flotte utstillinga.