Telemarkfestivalen 2018

Fredag 10. august kl.12:00 til søndag 12. august kl.17:00
Gullbring i Bø
Bø I Telemark, BøÅpne kart
kart
I 2018 er det 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinjes vart født. Vinje er kjent for mykje , men omtalast gjerne som den første moderne journalisten i Noreg. Vinje sine journalistiske tekstar er prega av det han kalla «tvisyn» – at ein skulle kunne sjå fleire sider ved ein sak for å analysere, vurdere, kritisere – rett og slett tenkje sjølv. Tankane til Vinje vil setje sitt preg på fleire arrangement under årets festival. Festivalen vil òg rette søkjelyset 50 år tilbake i tid – til 1968 og Flower Power-rørsla. Inspirert av den politiske medviten, kreativiteten og framtidstrua til «sekstiåttarane», retter me blikket mot situasjonen i verdsamfunnet i vår tid. Ei tid prega av politisk ustabilitet og stadig større skilnader mellom folk. Telemarkfestivalen har stor tru på den samlande krafta musikken kan ha. Vi ønskjer velkomen til alle som vil vere på ein festival litt utanom det vanlege – til ei helg med mangfaldig og livskraftig folkemusikk! FREDAG 10. AUGUST: Kl 12:00 - SUDAN DUDAN Kl 15:00 - Panelsamtale: FORBODE MUSIKK Kl 16:00 - "DANSEFEST PÅ TORGET" FredagsFOLK - Gullbring Kulturanlegg: Kl 18:00 - UNGFOLK og opning av festivalustilling Kl 19:00 - OPNINGSKONSERT Kl 21:00 - Tingingskonsert: MODDI Kl 22:30 - KNUT REIERSRUD: "TRAMP" Kl 00:30 - 9 GRADER NORD Obs! Ein billett for heile kvelden: 500,-/600,- (før 1. aug/etter) LAURDAG 11. AUGUST: Kl 11:00 - TORGFESTIVALEN - ein festival i festivalen Kl 12:00 - EGELAND & MARIN Kl 16:00 - MEYER, BUEN, RØINE - "Frå strupe og strengar" LaurdagsFOLK - Gullbring Kulturanlegg: Kl 19:30 - BJERK Kl 20:00 - NI LIV Kl 21:30 - Akkerhaugen Rocksamfunn pres. "WOODSTOCK" Kl 22:45 - GÅTE med Knut Buen Kl 00:30 - RESJEMHEIA Obs! Ein billett for heile kvelden: 500,-/600,- (før 1. aug/etter) SUNDAG 12. AUGUST: Kl 13:30 - ANNE HYTTA Kl 15:30 - Borgjakonserten: AA. O. VINJE OG HARDINGFELA Billettar: https://bit.ly/2FTrhNT #telefest18 #fyfelaforeinfestival Velkomen!