Labert & Anna

Torsdag 19. oktober kl.19:00
Granvin kulturhus AS
SeljordÅpne kart
kart
Kjærleik gjennom livets årstider Frode Grytten er ein av våre mest folkekjære forfattarar, og med dette stykket har han laga ei varm og vakker hyllest til livslang kjærleik. Vi kjem tett inn på Albert og Anna, to eldre menneske, som har elska kvarandre gjennom eit langt liv. Albert & Anna er historia om heilt vanlig kjærleik, den kjærleiken som ikkje blir sett av andre enn dei som deler han. Som livspartnarar har Albert og Anna dyrka sin hage slik dei har dyrka kvarandre. Men no er Anna i ferd med å forsvinne, og når ho blir borte, er også Albert redd for å miste seg sjølv. I stykket treff dei igjen den unge Anna og den unge Albert. Humoristiske og varme tilbakeblikk skildrar samliv og samhald gjennom vekslande årstider. Grytten fortel med dette ei sterk kjærleikshistorie. Han er elska for sine ærlige, morosame og gjenkjennelige forteljingar om vanlige menneskes uvanlige liv, og står mellom anna bak suksessane Bikubesong og Sånne som oss.