Vil ha Noreg-hylle på polet

OPPGJEVEN: Tobjørn Røe Isaksen (H) likar ikkje reglane som gjer kvardagen vanskeleg for småprodusentar av alkohol. - Dette handlar om arbeidsplassar og gründerskap i distrikts-Telemark, seier han.

OPPGJEVEN: Tobjørn Røe Isaksen (H) likar ikkje reglane som gjer kvardagen vanskeleg for småprodusentar av alkohol. - Dette handlar om arbeidsplassar og gründerskap i distrikts-Telemark, seier han. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

At Seljord vin AS kan gå på dunken har sett fokuset på små alokoholprodusentar og deira kamp for å overleve

DEL

Vi gir deg alt om hvordan valget påvirker deg - KUN 5 kr for 5 uker

Ein som vil at Seljord vin skal bestå er stortingsrepresentant Torbjørn Røe Isaksen (H).

- Det er tydeleg at det ikkje er produktet, men systemet det er noko gale med. Systemet er rigid som gjer det vanskeleg for småprodusentar å klare seg, seier Røe Isaksen, som sit i arbeids- og sosialkomiteen.

NOREGSHYLLE

- Misforståtte gode hensikter som har slått gale ut, kallar Høgre-politikaren lovane som gjer det umogleg for Seljord vin å ha bilde av produkta sine på si eiga heimeside.

Han meiner også at Vinmonopolet burde gje småprodusentane ein sjanse til å selje produkt og undrar seg over at dei kan ha hyller for Frankrike og USA, men ikkje Noreg.

- Det er umogleg for små bedrifter å drive. Mangfaldig landbruksnæring møter byråkrativeggen i staden for oppmuntring, seier Røe Isaksen.

VIL ENDRE LOVA

Komitémedlemmet meiner regelverket berre treng små endringar.

- Det burde vere lov å ha bilde av og beskrive produkta på heimesider. Polet burde synleggjere vin, heitvin og brennevin i eigen norsk hylle. Produsentane burde også ha lov til å selje frå eiget utsal.

Røe Isaksen meiner bedrifter som Seljord vin er viktige for lokale arbeidsplassar, identitet og synleggjering av Telemark.

- Kvifor er det ikkje slik no?

- Fordi nokon tviheld på rigide reglar. Det går an å vere litt løysingsorientert utan å kaste barnet ut med badevatnet, avsluttar Røe Isaksen.

Artikkeltags