Ole Dalen, utdanna industridesignar og prosjektleiar i halv stilling, har opplevd både opp- og nedturar sidan han i februar tok fatt på den tunge oppgåva å snu avvikling til utvikling i den austlege delen av Vinje kommune. No slår han på stortromma for å få sentrale samferdslepolitikarar til eit folkemøte om dei dårlege vegane i bygda.

– Dårlege vegar er eit problem Øyfjell har felles med store delar av Øvre Telemark, men her i Øyfjell kan vi ikkje slå oss til ro med at samferdslestatsråden lovar løyvingar i 2008. Vi treng vegutbetring nå, seier prosjektleiaren og håpar at både stortingsrepresentantar og fylkespolitikarar blir å sjå og høyre på Øyfjell grendehus den 20. juni.

SKULEN I FARE

Det var ikkje minst skumle prognosar om synkande elevtal som førte til at øyfjellingane kom saman og skipa Øyfjell Utvikling. Bygda har tradisjon for eit sterkt lokalt engasjement, og gjennom utviklingsselskapet håpar ein å mobilisere til fordel både for folketal, elevtal, nye arbeidsplassar og auka trivsel. Vinje kommune ser positivt på grendemobiliseringa, men på eit møte nå i juni fann formannskapet det naudsynt å helle kaldt vatn i blodet på dei utolmodige øyfjellingane.

– Vi ville tilby gratis barnehageplassar, men dette seier formannskapet nei til – det ville vera ei diskriminering av andre delar av kommunen. Likevel er det nok av andre idear å ta fatt på. Dessutan må vi heile tida ha i hovudet at vi skal arbeide for at dei som alt bur i Øyfjell, skal ha det bra. Det er viktig at vi får behalde barnehagen og butikken og at vi har byggeklare tomter.

LEDIGE BRUK?

Det er ikkje vanskeleg å få folk til å flytte til Øyfjell, berre det er noko å flytte til, seier Dalen og ønskjer seg to-tre ledige småbruk å by fram.

Både prosjektleiaren og styret i Øyfjell Utvikling takkar for inspirasjon frå Lucky Næroset og andre grendelag som kjempar mot nedleggingsspøkelset. Med tiltak som Øyfjell Galskap AS er det klart vi skal ha det moro undervegs, seier Dalen.