Storruse-fiske i Flåvatn

Artikkelen er over 13 år gammel

KVITESEID: Ein lite påakta ressurs står omsider for tur til å bli utnytta: Fisken i Bandakvassdraget.

DEL

I svenske innsjøar er rundt 300 fiskarar sysselsette året rundt, her i landet er det berre ei handfull som driv næringsfiske i ferskvatn. Nå er den første storrusa sett ut i Flåvatn, og Bård Fiskarbekk frå Skien kan snart kalle seg innlandsfiskar.

Saman med Svein Holberg ved Kilen Feriesenter har Fiskarbekk etablert Bandak Fisk for å drive fangst av aure og sik i større målestokk. Også med tanke på reiselivet.

– Klart det bør vera av interesse for reiselivet i Telemark at ein kan setje fersk innlandsfisk på menyen. Det er slik kortreist mat som nå blir meir og meir etterspurt, seier Siri Asdal frå Fylkesmannens miljøvernavdeling.

– Ja, det er fisk av dette slaget som vi meir enn gjerne vil stelle til for gjestene våre, seier Hermann Lissl ved Lille Ulefos Gjestegaard.

FYRESDAL-INSPIRERT

Fiskarbekk har tatt med seg ei båtlast gjester for å demonstrere fangst med storruse i farvatnet ved Kilen, heilt aust i Kviteseid. Med familieband til staden har han alltid vore opptatt av fangst og fiske. Han blei inspirert av Ingebjørg og Jonny Aketun i Fyresdal, og for to år sidan leigde Bandak Fisk ei storruse av Aketun og sette ho ut i Flåvatn. Resultata var ikkje overveldande, men gode nok til at Bård Fiskarbekk reise til Trøndelag og til Tidaholm i Sverige for å bygge si eiga ruse.

– Det kosta meg 50 000 kroner og 300 intense arbeidstimar, men når vi nå ser at fisket gir resultat, trur eg det var verdt det, seier innlandsfiskaren som reknar med å pendle mellom Kilen og industrien i Grenland dei næraste åra.

BLANDA KVALITET

Seint i september blei den nylaga rusa sett ut i Flåvatn, og dagsfangstane har variert frå 10 til 25 kg.

– Det er mest aure, og fisken er i heller dårleg forfatning. Gjennomsnittsvekta på 75 fiskar er 165 gram. Det fortel at det er altfor mange individ, og at det må fiskast mykje om ein skal få ned «innbyggjartalet» og vekta opp.

- Vi håpar å kunne setje ut eit par ruser til, seier Fiskarbekk.

Siken i området er av betre kvalitet enn auren, den er også i betre form. Det går tre-fire sik på kiloen den blir preparert for vidaresal. Auren har hittil blitt kompostert.

Vil dette fisket kome i konflikt med reiselivet? Vil sportsfiskarar og båtfolk irritere seg over den relativt omfangsrike reiskapen som Fiskarbekk & co legg ut?

– Det håpar eg ikkje. Høgsesongen for innlandsfisket vil vera haust og vinter. Elles er temperaturen for høg for dette fisket.

BRA FANGST

Ute ved rusa kan vi ved sjølvsyn slå fast effektiviteten. Det formeleg kokar i rusekammeret.

Kviteseid-ordførar Torstein Tveito, sjølv oppvaksen ved Bandak, let til å oppleve eit sjeldant blaff av optimisme. Rusefanga fisk er sprell levande og held derfor ein langt høgare kvalitet enn fisk som har gått i garnet.

Optimismen blir ikkje mindre da passasjerane etter ein times haustleg fisketur kan gå i land ved Kilen Feriesenter, der verten sjølv diskar opp med nysteikte sikkaker, velkomponert sikgryte og heimelaga Bandak-burger.

Eit moment til av ei viss interesse gror fram av turen: Å få lov til å bli med på innlandsfiske i kanalen er i seg sjølv ei oppleving som mange, både norske og utanlandske turistar, sikkert gjerne vil få med seg.

Artikkeltags