Rost for kjempe-innsats

IMPONERT: Dei 20 språkjegerane ved Tokke skule møtte Språkrådet i Oslo i går. Direktør for Språkrådet, Sylfest Lomheim (til venstre), var mektig imponert over språkarbeidet deira. Det tok mellom andre Magnus Bekk Hansen og Olav Vågslid til seg.

IMPONERT: Dei 20 språkjegerane ved Tokke skule møtte Språkrådet i Oslo i går. Direktør for Språkrådet, Sylfest Lomheim (til venstre), var mektig imponert over språkarbeidet deira. Det tok mellom andre Magnus Bekk Hansen og Olav Vågslid til seg. Foto:

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

Språkrådet fekk i går servert arbeidet til sjetteklassingane ved Tokke skule, der dei avdekte 76 skrivefeil i norskbøkene sine. Direktør i Språkrådet, Sylfest Lomheim, presiserte at arbeidet deira vil få etterspel.

DEL

Det skorta ikkje på lovord for innsatsen dei 20 elevane ved Tokke skule har lagt ned.

Publikum, som var representantar frå Språkrådet, Noregs forskingsråd, Noregs mållag, presse med fleire, fekk eit solid innblikk i den grundige arbeidsprosessen elevane har lagt bak seg gjennom skuleåret.

LITE HYGGELEG SAK

- Me er veldig glade for jobben de har gjort for det norske samfunnet. Det er ikkje noko hyggeleg sak, men det er ei god sak, konstaterte direktør i Språkrådet, Sylfest Lomheim, og takka elevane for arbeidet. I nær framtid skal han diskutere innhaldet i prosjektet med direktøren i Utdanningsdirektoratet.

- Arbeidet dykkar vil bli kjent over heile landet og garantert innebere arbeid i ettertid, la han til.

Les også: Fann 76 feil i norskbøkene

GRUNDIG ARBEID

To heile klokketimar fekk Tokke-elevane til rådvelde i lokala til Språkrådet i Oslo. Dei fortalde inngåande korleis dei grundig hadde loggført skrivefeil, handsama kvart einaste av desse med kommentar og forslag til kva som burde ha stått. Ein god dialog vart tidleg etablert med sekretær i Språkrådet, Eilov Runnestø, som kommenterte feila dei hadde funne.

- I dei fleste tilfella fekk me tilbakemelding på at me hadde oppfatta rett. Men i somme tilfelle fekk me også greie på at somme skrivemåtar var lovlege. Me tileigna oss også kunnskap kring særskilde retningslinjer for å bruke omdiskuterte ord og uttrykk, og retningslinjer for bruk av klammeformer i læreverk, fortel elevane, som meiner dei sit att med mykje i ettertid av arbeidet som språkjegerar.

- Men endå me avslutta prosjektet utan å ha lese absolutt alle tekstane som stod i norskbøkene, sat me igjen med 76 skrivefeil av ulik sort, fortalde elevane, spente på kor mange fleire slike som eventuelt er uteletne i rekneskapen deira.

ULIKE PRAKSISAR

Kontakt med ulike forlag påviste også at Det norske samlaget, Gyldendahl og Aschehoug alle har ulike praksisar for kva dei rettar og kor mange som deltek i språkvasken før bøkene går i trykkjen. Med ei menge feil som «roptd» for ropte og «skjøntd» for skjønte, uheldige orddelingar som «ri-mord» i staden for rimord/rim-ord, meiner elevane å ha tilfedsstillande mange døme til å kunne påstå at arbeidet med norskbøkene synest å ha gått litt kjapt i svingane i den avsluttande fasen.

- Litt feil er greitt. Ein lærer jo av feil. Men når det er over 70 feil i lærebøkene som skal lære 11-åringar rettskriving, er det ikkje greitt, konkluderte elevane, som er innforståtte med at ein og annan skrivefeil i eitt og anna kan vere vanskeleg å unngå. Men mengdene av slike og at dei florerer i lærebøker på grunnskuletrinnet, er dei kritiske til.

KOME LANGT

Norsklærar Gunstein Seltveit har før dette norskbok-arbeidet 10 nysgjerrigper-prosjekt bak seg av ulik art. Og i år hadde norsklæraren tenkt det fekk vere nok med dei ein hadde.

- I år trudde eg me skulle roe ned heile Nysgjerrigper-deltakinga. Men ettersom feila i norskbøkene dukka opp og elevane ivra etter arbeidet, gjekk me likevel inn for dette. Men eg hadde aldri drøymt om at nokon ville fatte slik interesse for prosjektet. Eg såg for meg at dette kom til å bli så tørt og keisamt, sa Seltveit, og innrømmer at han tok grundig feil.

- Me har oppnådd veldig mykje denne gongen. Det er stort å komme til Språkrådet. Og lovnaden om at neste års sjetteklasser får retta bøker i nytt opplag på bakgrunn av arbeidet vårt, er av stor verdi, presiserer ein stolt norsklærar.

Artikkeltags