Nektar å lese av målar på bokmål

Artikkelen er over 14 år gammel

TOKKE: Advokat Olav Felland på Dalen er ein ukueleg målmann. No slå r han nok eit slag for nynorsk. Han nektar å lese av vassmålaren, då kommunen sender ut avlesingskort på bokmål.

DEL

Like over nyttår i år fekk næringseigedomar i Tokke, i tillegg til ein del privatpersonar, blankettar som skal nyttast til avlesing av vassmålaren. Dette verkar på same måte som ein straummålar, og skal måle vassforbruket til kvar enkelt gjennom eit år. Det var likevel eit stort problem for advokat Olav Felland. Korta var skrive på bokmål, noko han slett ikkje kunne akseptere.

- Eg returnerte korta med det same eg såg det. Eg kjem ikkje til å lese av nokon vassmålar før dette blir ordna, hevdar Felland. I all si tid har han vore ein ubøyeleg målmann, og hatt verv i både Telemark mållag og Tokke mållag.

- Det er mange ting her i verda som kan bli oppfatta som bagatellar. Men dette er ikkje ein bagatell for meg, snarare ei stor sak, slår Felland fast. Han kjem ikkje til å vike for kommunen i denne saka, og meiner kommunen pliktar å rette opp att feilen.

IDENTITET

- Dette handlar om ein del av den norske kulturen. I Tokke har me nynorsk både som skrift- og talemål. Det er ein del av min og mange andres identitet, seier Felland. Han meiner det er svært hjelpelaust av kommunen å sende ut slike kort på bokmål.

- Dette er lite gjennomtenkt av kommunen. Dei verkar meir tafatte og likeglade, og dei let bokmål snike seg meir og meir inn. Det sit ikkje mindre enn fem ingeniørar på teknisk etat. Dei burde vite kva for ein kommune dei jobbar i, hevdar Felland. Han trur avlesingskorta er sett bort til eit firma som har trykksaker på bokmål. Det orsakar likevel ikkje resultatet.

- Kommunen pliktar å stille klare krav. Det er skatteytaranes pengar som blir nytta til dette formålet, seier Felland.

Det er heller ikkje fyrste gongen han slår eit slag for nynorsken. Han fører mellom anna ei sak for Telemark Mållag, som omhandlar namna på sjukehusa her i fylket. Mållaget vil til dømes endre namnet på Sykehuset Telemark.

- Den saka ligg framleis hjå helsedirektoratet, og eg kjem til å ta kontakt med dei no. Eg kjem ikkje til å gje meg verken på namna til sjukehusa eller avlesingskorta i Tokke kommune, konstaterer Felland på klingande nynorsk.

BLANKETTAR PÅ NYNORSK

Teknisk sjef i Tokke, Åge Verpe, hevdar han no vil sende eit kommunalt brev til advokat Felland, der han bed om målarstanden på vassmålaren. Dette brevet vert sjølvsagt skrive på nynorsk.

- Desse blankettane er tinga frå eit firma som òg skriv ut fakturaer for kommunen. Det er for å spare pengar. Leverandøren har ikkje desse blankettane på nynorsk, så då må me i såfall spesialtinge dei, opplyser Verpe. Han legg til at ein sjølvsagt vil freiste å endre skriftmålet på korta, men det vil ikkje skje dette året.

- Dei som ikkje klarer å lese kortet på bokmål, vil få eit brev på nynorsk, slår Verpe fast.

Artikkeltags