Gå til sidens hovedinnhold

Jaktar på den primitive framtida

Artikkelen er over 10 år gammel

Heilt sidan barneåra har fyresdølen Torjus Gaaren (28) vore fascinert av naturen. Dei siste par åra har han investert alle krefter for å etterkomme livsprosjektet sitt; å gradvis gjere naturen til fast bustad og livnære seg på det som finst i denne.

BILDESERIE: Slik lever han i villmarken

- Det er ikkje noko enkel oppgåve å leve av det som finst i naturen. Det kan eg love, slår Torjus Gaaren fast.

Han traskar gjennom den djupe laussnøen og syner veg fram til det som brorparten av året er bustaden hans. Lavvoen i Kleivgrend. Han veit kva han snakkar om.

Dei knappe tre siste åra har han budd ute mesteparten av året, og freista å livnære seg av og på naturens ressursar. Sommar som vinter. I kalde som varme dagar.

- EG FRAUS

Han opnar duken til den nøysamt innreidde eittromsen langt inne i Guds frie natur. Granbar og reinsdyrskinn er både sofa og seng. Og varmen frå grua gjer den nødvendige nytta. Etter ein november- og desember-månad med ekstremt kalde dagar, er varmen verdifull og på ingen måte sjølvsagt.

- Herregud, det var ille. Eg fraus heile tida, men det var ein god lærepenge, meiner Gaaren. Sjølv om det kosta han hukommelsestap, svevnmangel, vekttap og eit raudsprengt andlet i lang tid, karakteriserer 28-åringen det som nyttig kunnskap. For i dette miljøet ønskjer han å skape den permanente tilhaldsstaden sin.

GRADVIS OPPARBEIDING

- Eg kunne jo som dei fleste ha dette livet som ein hobby og leve slik litt innimellom. Men då ville eg ikkje fått heilskapen. Derfor må eg prøve og feile og opparbeide meg kunnskap og erfaring gradvis, seier Gaaren.

Han søkjer den fullkomne kunnskapen om kva som må til for å overleve og klare seg ute i naturen. Ikkje for eitt eller to eller ti år, men for eit heilt liv. Det krev kunnskap om utstyr, klede, mat, reiskap, teknikkar og metodar for å overleve.

- Det er liksom min visjon her i livet, å vidareføre eller gjenfinne den kunnskapen som skal til for å overleve ute i området her, fortel Gaaren, som hungrar etter å samle den komplette kunnskapen som mogleggjer dette.

BORTSKJEMD SAMFUNN

- Dei aller, aller fleste i dette landet er fullstendig ute av stand til å klare seg sjølve. Det synest eg er fortvilande, seier den opphavlege økonomen. Han har seks år bak seg som student og familiefar i Trondheim.

Men er ikkje komfortabel med kvardagen i det moderne samfunnet, bylivet, stresset, maset, passiviteten, latskapen og det å ha eit så fråverande forhold til dei grunnleggjande behova.

- Eg trur det er noko som manglar i mennesket når ein har eit så distansert forhold til kvar mat, ting og klede kjem frå, som mange har. Det er klart det er lettvint å handle på butikken, men eg trur ikkje det er bra for mennesket å gjere seg så avhengig av det bortskjemde samfunnet. Det set livet i eit anna perspektiv når ein må skaffe seg alt ein treng sjølv, fortel Gaaren og forsikrar om at utfordringane står i kø på utsida av lavvoduken.

IKKJE VERE KRESEN

Mat og ernæring er eit kapittel for seg sjølv. Og jakt og fiske avgjerandre faktorar for å overleve. Gaaren slår først som sist fast at ein ikkje må vere kresen for å klare seg slik.

- Ein må freiste å ete det meste på dyret ein feller. Ikkje som dagens jaktande, som tek vekk det viktigaste; feitt, lever, nyrer, auge, hjerne, brusk og sener. Dei er viktige og næringsrike kjelder. Brusk og sener er mellom anna viktige for fordøyinga, seier villmarksmannen, og understrekar verdien av å ete det meste av kjøtet rått eller halvrått.

- Då bevarer ein best viktige vitaminer og mineralar, seier Gaaren. Han hentar reinsdyrlåret som ligg oppbevart ute i snøen og skjer av eit kjøtstykkje. Det nærmar seg lunsj.

SAMLAR INSEKT

- Det er ikkje alt som er like godt, men eg freistar å smake på det meste av det eg jaktar på. Bever og reinsdyr, og då spesielt hovudet, likar eg. Då er det godt å ete, seier Gaaren, og stikk kjøtbiten på ein pinne og grillar han lett.

- Jakten på dei store kalorikjeldene er tunge å finne, særleg på sommaren. Eg fiskar mykje, men kan ikkje leve av bare det. Og utfordrande er det å lage ein variert og samansett kost, fortel naturmannen. Om sommaren fungerer insekt som viktige protein- og feittkjelder.

- Det er mykje som smakar heilt greitt, men det er vanskeleg å skaffe nok. Vedmakk smakar faktisk veldig godt. Det smakar som kremfløyte. Mauregg er også bra. Dei inneheld mykje feitt, men smakar ikkje stort, fortel han. Med desse utfordringane og i dette miljøet kjenner fyresdølen at han lever og at kvardagen gjev meining. Her er han i gang med å byggje framtida si.

- Bylivet er veldig lite stimulerande og fantastisk kjedeleg. Det gjev inga utfordring som verkeleg betyr noko, hevdar han. Eigentleg trur han mange menn hadde søkt ein tilsvarande kvardag, om dei hadde fylgd sin natur. Det som staggar mange er mangel på kvinner som er tilsvarande freista.

BILDESERIE: Slik lever han i villmarken

HENTAR INSPIRASJON

- Eg trur mange menn hentar livsmotivasjon sin frå andre stader enn det kvinner gjer. Også har ikkje menn så mange "komforte hang ups” som gjer at ein ser litt andre verdiar her, smiler Gaaren.

Sjølv er han lite kjend med noko miljø for eit slike permanente levesett her til lands, i alle fall ikkje i Sør-Noreg. Difor hentar han inspirasjon frå andre urbefolkingsgrupper rundt om i verda.

- Eg mixar og matchar slik det passar, og syg til meg relevant kunnskap der det finst. Både i Canada og Mongolia er det mykje å hente, ut frå fleire felles klimatiske trekk, seier han. Ikkje minst på klesfronten har dette vore utbytterikt. For også det han står og går i, har han laga sjølv.

LAGAR SJØLV

- Jakka og skoa er laga etter eit mongolsk design. Luva har eg komponert sjølv, seier han om reinsdyrskolleksjonen, laga av det sjølvgarva materialet kvardagen hans er blitt heilt avhengig av.

- Trass i kulda som har vore, har eg ikkje fryse på føtene. Dei har vore heilt fantastiske, seier han og syner til dei lette sjølvsauma skinnskoa, han berre er iført eit par ullsokkar under.

STILLE I SKOGEN

Sjølv om det tidvis kan bli vel stille og einsamt i skogen, har Gaaren lite vanskar med å fylle tida.

- Ein har jo ingen fritid eigentleg. All tid går med til å førebu dei neste dagane, anten det gjeld å ordne vatn, hogge ved, finne mat, turke eller røyke råvarer eller komme fram til hendige løysingar. Av og til må han presse seg til eit snøbad, og tid til å utvide sortimentet sitt må han også avsjå.

Hårkammen, sysakene og sylen har han sjølv skore ut i bein, matbollane i tre er hola ut med glør og oppbevaringsboksane lagar han av dyreskinn eller samansauma never. I det heile nyttar han mange teknikkar henta frå steinalderen.

- Ja, veldig mykje. Men eg tillet meg å bruke metall også. Elles ville mange prosjekt vore nesten uråd å gjennomføre, fortel han. Eit fiskenet og ei moderne børse er også vanskeleg å klare seg utan. Elles går dagane med til å sjekke snarer, lese seg opp og stadig knytte til seg ny kunnskap om korleis han må leggje kvardagen til rette for livet ute i naturen.

TRENG INNTEKTER

Gjentakande utstyrskriser og behov for ulike investeringar gjer at fyresdølen enno er avhengig av inntekter. Og periodevis arbeider han på anlegg for å etterkome dette behovet. Han følgjer også opp døtrene sine på tre og seks år i Trondheim, og ønskjer å skape ein bustad også dei to kan føle seg komfortable i.

- Eg skal etterkvart byggje meg ei gamme, som er lun og ikkje trekkjer til seg så mykje væte. Eg treng jo ein viss komfort eg også, humrar han. Dei siste åra har han halde vekekurs basert på den primitive kvardagen sin, og håpet er at denne verksemda kan fylle hola han enn så lenge fyllar gjennom anleggsbransjen.

- Det er stort sett utlendingar. Mest britar. Nordmenn trur dei er ferdig utlærde fordi dei er fødde med ski på beina og har vore ei veke på campingtur, smiler Gaaren.

LETTVINT BYLIV

Trass i ei brennande interesse er det tydeleg at villmarkskaren har eit ambivalent forhold til det å bu og leve i naturen, slik han gradvis arbeider for. Det moderne samfunnet er både freistande og tilrettelagt. Ute må ein finne løysingane sjølv.

- Det krev mykje viljestyrke for å gjennomføre dette. Ikkje minst med omsyn til det sosiale og med omsyn til mat og forsyningar. Hadde ein vore fleire saman om dette, ville ting vore lettare. Då ville maten smaka betre også, vedgår han.

I periodar, delvis tilhøyrande det moderne, vestlege livet, ser Gaaren unekteleg mange fordelar, men meiner kvardagen og det primitive livet i naturen er verdt å kjempe for.

- Det er klart det er lettvint å bu sentralt, motta løn og sjå på TV. Men kva sit ein att med etter dette? Feriane? Nei, eg kan ikkje ha det slik. Eg har litt større perspektiv på det der. Det er forskjell på å vere på besøk i naturen og det å vere ein del av han. Eg har vald det siste, slår han fast.

BILDESERIE: Slik lever han i villmarken