Endeleg er Birthe på nett

Rett før helga var Birthe Berstad, inst i Ordalsgrenda i Kviteseid, på nett. Jan Vidar Holte (t.v.) og Mikkel Aanderaa i RadioLink Telemark AS har krabba både høgt og lågt for å få dette til.

Rett før helga var Birthe Berstad, inst i Ordalsgrenda i Kviteseid, på nett. Jan Vidar Holte (t.v.) og Mikkel Aanderaa i RadioLink Telemark AS har krabba både høgt og lågt for å få dette til. Foto:

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

Dei har spesialisert seg på å byggje ut trådlause breiband i kompliserte område. Og før helga hadde Birthe Berstad i Ordal god grunn til å smile.

DEL

Lokale nyheter – 5 kr for 5 uker

For inst i ordalsgrenda, der verken mobilnettet når eller straum lenge var tilgjengeleg, kan kviteseidkvinna endeleg ukomplisert kommunisere med sønene sine både i Kirkenes og Melbourne i Australia.

GLAD

- Dette er ein stor dag for meg, smilte Birthe Berstad og visste dagen ville halde seg på minnet hennar i lang tid framover. For "den vanskelege Birthe som aldri er å få tak i" er nå historie. Og sjølv om kvardagen med skype, msn og epost nesten blir litt i overkant i bupelen hennar, 650 meter over havet, får kvardagen hennar heilt andre moglegheiter.

- Litt isolert bur eg jo. Dersom vêret blir dårleg er det ikkje uvanleg at posten blir borte, og då er det litt trygt å vite at ein likevel kan vere i kontakt med omverda, presiserer ho.

RADIOLINK TELEMARK

For med dei tre seljordingane bak selskapet RadioLink Telemark AS har Mikkel Aanderaa, Jan Vidar Holte og Torbjørn Moen sytt for at også fleire av dei meir avsidesliggjande husa og grendene i fylket nå er på nett.

- Me har spesialisert oss på dei stadene som er vanskelege å komme til, seier Aanderaa og fortel om mykje klatring og kliving i fjell og nabbar, nes og nutar for å finne dei høgste og best eigna sendestasjonane. Og dei synest på langt nær vere ferdige.

- Folk er veldig nøgde. Dei føler dei lever som andre i meir siviliserte strok, legg Aanderaa til og fortel at både fastbuande så vel som hyttefolk på Møsstrond, Våmartveit, Seljordsheii og i Kilen og Ordal, nå kan smykke seg med internett.

KOMPLISERT

Men det er ein grunn til at Telenor ikkje har prioritert desse områda. For heilt enkelt har det ikkje vore. Og kostbart ville det også blitt. Men trekløveret har visst å utfylle eigenskapane til kvarandre og funne eit samarbeid som har gjort breibandsutviklinga mogleg.

- Då eg tok til å byggje ut breiband på Møsstond for eit par år sidan, klarte eg å spore opp ein del utstyr med dei nødvendige eigenskapane. Gjennom Seljord Radio og TV har Torbjørn elles dagleg kontakt med kundar, utstyr og fagfolk. Og som daglege leiarar for kvar vår lokalradio, som eg og Jan Vidar er med Hjalarhornet og Radio Vest-Telemark, er me vande med å klive ein del i master og prøve og feile litt før alt klaffar, fortel Aanderaa, og seier det ikkje var gjort i ei handvending å få breibandet til Berstads bupel heller.

- Sendaren må innom fem punkt før ho er på nett, og både solceller og vindmøller er tatt i bruk for å få dette til, skyt Aanderaa inn.

BREIBAND

Å etablere ein standard fiberkabel i desse områda ville blitt kostbart. Difor lagar RadioLink Telemark trådlause koplingar.

- Det blir på ein måte som eit trådlaust nettverk, men med ein lokal omformar som gjer nettverket knytt til dei einskilde bustadene, seier Aanderaa og fortel om ei heldig alternativ løysing.

Så langt har selskapet sytt for at spreidde grender i Tinn, Vinje, Tokke, Kviteseid, Seljord og Nome no er på nett. Og nye prosjekt er også på gang i Bø og Nissedal.

Artikkeltags