«Alltid like blide og hjelpsame, uansett dag og tid på døgnet», er grunngjevinga da gardbrukarane i Vinje overrekte Gladprisen 2021 til Seljord Veterinærkontor.

Bakgrunn for prisen er at Landbruksrådet i Vinje kommune ønskjer å gje heider og ære til nokon – som ein ikkje tenkjer på til vanleg – som gjer ein innsats for landbruket i Vinje og gardbrukarane der. Det er andre gong prisen blir delt ut.

– Det var ei kjempestor overrasking. Eg kom for å snakke om jur på sauen, og blei litt overraska da det var kyrbønder der, fortel Mimmi Hauglid.

Ho starta Seljord Veterinærkontor for 32 år sidan. No er dei sju dyrlækjarar og seks assistentar.

– Eg hadde håpa at dei kunne vore der også, men dei var på fagdagar. Alle synast at det var kjempepositivt å motta prisen og det gjer ein ekstra gnist. Det er morosamt å vere dyrlækjar, men det er også slitsamt og ein er ute til alle døgnets tider. Ein føler at ein blir satt pris på med ein slik pris og det er veldig hyggeleg, seier Hauglid.

Aasmund Nordstoga og Gunnar Haugo grunngjev prisen med følgjande stev:

I all slag føre, i virkt og heilagt

ja stutt hell langt, det er like sjavsagt

Dei kjem med kunnskap og trygge ro

Når bonden treng Doktor Dyregod

So difor vil me no gjerne gjeva

ein liten gladpris til dikkon hera

på Seljord veterinærkontor

til dikkon heve me takksemd stor!