Gå til sidens hovedinnhold

Utreder samdrift for deponi og gruve i Brevik

Artikkelen er over 1 år gammel

SKIEN: Miljøvernminister Sveinung Rotevatn har pålagt Direktoratet for Mineralforvaltning og Miljødirektoratet å utrede muligheten for samdrift i gruvene i Brevik. Om det er mulig å drive både gruve og deponi. Noe Norcem sier det ikke er.

Det kommer fram i et svar på et skriftlig spørsmål fra stortingsrepresentant Terje Lien Aasland, Ap, som Rotevatn har sendt i dag.

Rotevatn skriver at han også har bedt om status og oversikt over hvilke reelle alternativer som finnes til deponi i Brevik. Men skriver også at det ikke er fattet noen beslutning.

"Er det slik at regjeringen fremdeles vurderer å legge et deponi til Dalen gruver i Brevik, til tross for kommunens entydige nei til et deponi for farlig avfall, Norcems klare nei til samdrift og den såkalte ekspertgruppen nedsatt av regjeringens klare anbefaling om å ikke legge et deponi til Dalen gruver i Brevik?" spør Terje Aasland.

Svaret fra Rotevaatn

Her følger svaret fra Sveinung Rotevatn. Et svar der det kommer tydelig fram at man fortsatt arbeider for å se om Brevik kan være aktuelt som deponisted fortsatt.

"Eg er godt kjend med at ekspertutvalet tilrår staten ikkje å etablere eit deponi for farleg avfall i Brevik. Årsaka er mellom anna Norcem si verksemd i gruva. Eg er også godt kjent med at Porsgrunn kommune og Norcem ikkje ønskjer eit deponi for farlig avfall i Dalen gruver i Brevik.

Noreg har internasjonale plikter som seier at vi skal oppretthalde nasjonal kapasitet for handsaming av farleg avfall. Ein slik kapasitet er viktig for ei lang rekke industribedrifter.

Ekspertutvalet peikte på nokre alternativ til eit deponi i Dalen gruver, og eg har den siste tida hatt ei rekke møte med kommunar og industriaktørane som jobbar med desse alternativa. Eg har i særlig grad vore oppteken av å høyre om status for planane, og når dei eventuelt kan kome på plass.

I høyringa av rapporten til ekspertutvalet for farleg avfall tok også fleire til orde for å vurdere om samdrift i Dalen gruver er mogleg. Direktoratet for Mineralforvaltning og Miljødirektoratet har saman fått i oppdrag å utgreie dette. Oppdraget har dei fått av Nærings- og fiskeridepartementet i samråd med Klima- og miljødepartementet.

Miljødirektoratet har òg fått i oppdrag å vurdere dei alternativa som er peikt på i rapporten til ekspertutvalet for farleg avfall. I tillegg skal Miljødirektoratet vurdere moglege overgangsløysingar, og moglege tiltak for å redusere mengda avfall. Som ekspertutvalet og andre har peikt på vil ein slik reduksjon i avfallsmengde kunne kome på lang sikt, og vil såleis ikkje endre at Noreg treng ei løysing for farleg avfall når det er fullt på Langøya.

Som del av vurderingane er det viktig for meg å få klarleik i kva reelle alternativ som finst. Kva for rolle staten skal ta for å sikre lagringskapasitet når deponiet på Langøya er fullt, er sentralt i vurderingane vi skal gjere framover. Men det er ikkje tatt ei avgjerd enno. Det sentrale for regjeringa er at når vi skal ta ei avgjerd, må alle alternativ og alle spørsmål vere grundig utgreia. Det jobbar vi med no."