Gå til sidens hovedinnhold

Tre på en gang: – Dette har ikke skjedd på seks år

ULEFOSS: Det henger høgt å bli æresmedlem i Holla historielag, og no kjem tre på ein gong. Samstundes har Paul Heiholt fått lokalhistorieprisen på 5000 kroner.

Sidan starten i 1978, har det kun blitt utnemnd 13 æresmedlem. Det skjedde sist gong i 2015. No kan Ole Moen, Geir Haatveit og Kai Ove Bjerklund førast på lista.

Bergetroll

– Me er alle tre bergetroll au, fortel tre fornøgde prisvinnarar til TA.

– Det er ikkje noko minus å bli fødd på Berge, det ser du au på sal av hus i området. Her er det mykje sol, seier Moen.

– Det betyr noko kor du kjem frå enten det er lannaramp, kørpen, sagflis, helgenbøndar eller fenskråker, men au at du har røter i bygda, slår dei fast.

Med eit lite unntak er dei 100 prosent ulefossingar.

– Eg er fødd i Bærum, men har bodd her sidan eg var seks og eit halvt år gamal, fortel Geir Haatveit.

Det tar han att med si lange deltaking i historielaget. Han har vore med sidan laget blei stifta i 1978. Han har i ei årrekke leia samtalegruppa, han har vore ein pådrivar for å trekke Holla kirkeruinar og Romnes kirke fram i ljoset, og medlem av komiteen som sto for kyrkjejubileet. Han har vore ein aktiv skribent i Holla minner for å nemne noko av grunngjevinga for av æremsmedlemskapet.

Kai Ove Bjerkelund har i mange år vist ein sjeldan stor interesse for lokalhistoria.

– Det er ein stor stein på Heia, som Kai Ove ikkje veit noko om, men det trur me ikkje noko på, seier Geir Haatveit med svært liten grad av alvor.

Særleg har han sett seg inn i historia om heiområdene rundt Ulefoss og i Landsmarka. Det er knapt nokon som kan så mykje om lokalhistorie som han, og historielaget brukar han ofte som kunnskapskjelde.

Det fekk han tidleg inn i livet frå bestefaren Jørgen.

– Du har fått eit godt grunnlag der, seier Haatveit.

– Eg fekk det litt gratis, og har vore mykje der, seier Bjerkelund litt brydd og vil ikkje framheve seg sjølv.

Men han skryter gjerne av miljøet i historielaget.

– Alder spelar ingen rolle, enten du er 50 eller 85 år gamal. Det er ingen skilnad sjøl om eg er nokre år yngre. Alle er likeverdige, og det er så triveleg å høyre på alt som blir fortalt. Etterkvart har eg kanskje fått nokon historiar sjølv au, innrømmer han.

Ole Moen har au vore eit svært aktivt medlem av laget i mange år, samtidig som han har gjort ein stor innsats som leiar av dugnadsgjengen. Dei er glade for utnemninga, men er ikkje overraska. Det kom ikkje heilt bardust på.

– Me fekk eit hint for eit par veker sidan, seier dei.

– Det var på tide dei fekk ein pris, seier leiar Gunnar Sanden.

Fekk pris

Samstundes fekk Paul Heisholt lokalhistorieprisen. Han har vist ei stor interesse for Holla historielag, og har oppdatert nettsida til historielaget. I tillegg har han oppdatert facebooksida. No er det over 1000 medlemmer her, og det er nest størst av lokallaga i fylket.

– Dette er frykteleg gjevt og heilt uventa, seier prisvinnaren over telefonen. På grunn av strengare koronarestriksjonar i Oslo kunne han ikkje møte opp personleg.