I 2018 kom den fyrste historiske romanen «Sverddrengen». To år seinare var «Bueskytteren» på marknaden og no i haust lanserte han «Pilegrimen». Totalt har trilogien kring 1.400 sider.

Godt sal

Den siste boka har gått unna nærmast som varmt kveitebrød.

– På marknaden i Brekkeparken i Skien nyleg selde me nesten 40 bøker. Responsen for kjøparane har vore overveldane god, seier den fornøgde forfattaren i ein prat med TA.

Han går i fotspora til morfaren, Johan Philip Løvgren, som skreiv 13 romanar.

– Bestefar inspirerte meg og blei på det viset eit førebilete, seier Tor Bertel vidare. Det høyrer med at han i tillegg til skrivinga, som òg omfattar dikt, driv med song, musikk, foto og kunstmåling. Heime på Åfoss har han sitt eige atelier.

Lita tru

Tor Bertel voks opp i Larvik i ein familie der faren var skreddar og seinare industriarbeidar. Etter folkeskule og gymnas utdanna Tor Bertel seg fyrst til det som i dag er bioingeniør, sjølv om den store interessa var historie og norsk.

– Eg var litt delt mellom det tekniske og kreative, men hadde for lita tru på meg sjølv. Det blei ein kamp mellom to krefter. Eg satsa på den trygge inntekta, seier mannen, som seinare studerte realfag på Blindern og blei cand. mag.

Det var jobb på Borgestadklinikken som brakte han til Telemark. Seinare arbeidde han i fleire år innan polymerkjemi ved Forskningssenteret på Borealis, det som i dag heiter Norner.

Ideen

Ideen til bøkene kom som følgje av namnet Gregorius Dagssonsgate i Skien og omtala av han i kongesogene til Snorre.

– Skien, eller Skida som den blei kalla da, hadde ei unik historie på 1100-talet. I kongesagaen er Gregorius den einaste lendmannen (administrator) som fekk noko merksemd. Han styrte Bratsberg lendmannsgard i Skien som hadde rundt 50 bruk under seg i Vestfold og Telemark. Bratsberg var den største garden i dette området den gongen, fortel Tor Bertel.

Kongane kjempa

– Noko av det mest interessante frå denne tida er at da kjempa tre kongar i Noreg mot kvarandre – Inge Krokrygg, Sigurd Munn og Øystein frå Vesterhavet. Midt i denne striden blir Gregorius den nærmaste forbundsfella til kong Inge, og med det sjøreiser og slag langs den norske kysten.

– Det mest dramatiske som skjedde i Skien på 1100-talet var nok at garden til Gregorius brann ned. Tronrivalen til Inge Krokrygg, Øystein, sette fyr på den. Snorre skriv om brannen og at dyra blei slakta. Lendmannen og dei kring hundre krigarane hans flykta over fjellet, legg forfattaren til. Dette blir utførleg skildra i bok to, «Bueskytteren».

Han fortel vidare at da Gregorius blei drepen med pil og boge ved Uddevalla i 1161, skreiv Snorre at han var største høvdingen av alle lendmenn i Noreg.

Mykje tid

Dette er noko av bakteppet for trilogien der forfattaren har bruka minst 4–5 år berre på å studere historia. Han har óg besøkt dei fleste stadene som blir omtala i bøkene.

– Det har vore ei interessant reise, fortel forfattaren. Han legg til at også Gimsøy kloster med abbedisse Baugeid har fått sin plass i forteljinga.

Tord Sigurdsson, ein av krigarane til Gregorius, er hovudpersonen i romantrilogien, ved sida av fleire oppdikta personar.

I siste boka «Pilegrimen» med botsferd gjennom Europa til Jerusalem, skildrar forfattaren krossfarartida, men óg «skidaværingen» sitt møte med ukjende kulturar, språk og religion. Ein person i notida, Tord Jonsson, er òg med i romanen. Frå Oslo flyttar han inn i Gregorius Dagssons gate og lurer på kven den karen er. Eit teknisk grep der forfattaren speglar to tider mot kvarandre.

Ingen seljar

Ved sida av sin eigen konsulent, Marte Østmo, har kona til Tor Bertel, Kari-Margrete Rensel Løvgren, vore med og redigert boka. Ho står for marknadsføring og sal.

Kari-Margrete har sjølv gjeve ut «Heime», ei lokalhistorisk bok frå heimkommunen Gol.

– Eg er absolutt ingen seljar, og har hatt masse hjelp av Kari-Margrete. Utan henne hadde det nok ikkje blitt nokon trilogi, seier Tor Bertel Løvgren.

Fleire utgjevingar

Han tidlegare har gjeve ut «De så ham», diktsamlinga «Tiden er fugl i min hage» og «Turer på Åfoss – og refleksjoner underveis». To cd-ar med eigne viser er òg ein del av produksjonen til den allsidige karen på Åfoss.