Gå til sidens hovedinnhold

Taket er på plass - kranselag for millionarven

LUNDE: Det går framover, taket er på plass for millionarven Strannabygget. – Det går ikkje fort, og skal ikkje gå fort heller.

Det seier leiar Olav Leikvoll i Lunde sogelag. Det møysommelege arbeidet med Strannabygget held fram på Lunde bygdetun. Det har gått frå smått til stort.

Det skulle egentleg berre lagast eit toalett og ein stad for reiskaper. Men en millionarv frå Stranna-familien, og totalt 750 000 kroner frå Sparebankstiftelsen Telemark – Holla og Lunde, gjør det mogleg å realisere Strannabygget.

Det blir eit bygg til minne om Olav Stranna. Han ble fødd i 1860 og døde i 1947. Han var lærar og lokalhistorikar frå Lunde i Nome kommune. Han har mellom anna skrive bygdesogene for Lunde kommune. Olav Strannas veg er kalla opp etter Olav Stranna. Det er vegen som går forbi Lundevang og Nome videregående skole, avdeling Lunde.

Kranseskål

Denne månaden kunne dei markere med kranseskål i Flomskulen.

Sogelaget serverte gryterett med salat, kaffe og kaker på elevane.

– Me i Lunde sogelag er kjempefornøgd med det arbeidet som er gjort, seier Leikvoll.

Kranselag, også kalt sperreskål eller mønsåsfest, er ein gammal byggetradisjon som gjekk ut på at snekkerne setter opp ein krans eller busk i mønet når bygget var under tett tak. Byggherren spanderte så ein fest på snekkerne innen ei veke. I dag er dette gjerne en gave eller et måltid, men det er framleis ein viktig milepæl i eit byggeprosjekt.

Men når bygget står ferdig er ikkje spikra.

– Det er nokon som ønsker seg ein dato, men det får Nome videregående skole avgjøre. Vi er meir interesserte i at dei har ein øvingsplass. Det har ikkje gått så fort, og det skal ikkje gå så fort heller. Dette skal vere god praksis for fleire liner, meiner Leikvoll.

Han registrerer med glede at Strannabygget blir ganske stort.

Det som starta i det små har med arven og støtten frå sparebankstiftelsen vokst i omfang.

Barnebarnet til Olav Stranna som døyde for to år sidan, testamenterte eit hus. Av totalsummen på 1 750 000 kroner anslår han at det er brukt 600 000–700 000 kroner. Strannabygget blir eit arkiv for alle papirene som ligg igjen frå Olav Stranna, men kan også bli arkiv for andre viktige personar i bygda som tidlegare lensmann Karl Johan Otterstad.