Mot nye bokbål?

Av
Artikkelen er over 12 år gammel

Vi har som kjent to, legalt sett sidestilte målformer her i landet, og både bokmål og nynorsk blir dyrka og halde i hevd av sine respektive brukarar.

DEL

Gå høsten i møte - KUN 88 kr for 8 uker med papiravisen og alt innhold på nett

Kommentar Sidemålet blir den målforma kalla som du ikkje nyttar til dagleg, sjølv om det er lovbestemt at det vidaregåande skuleverket skal gi grunnleggande opplæring i begge språk og tilsvarande litteratur . I dei fleste offentlege stillingar er det dessutan krav at dei tilsette skal kunne nytte begge målformene, som det heiter.

Min barndoms skulemål var nynorsk, heilt naturleg, med ei rettskrivingsnorm som framleis ligg svært nær talemålet i Vest-Telemark.

Så kom eg til Bø Statsrealskule, og møtte sidemålet, bokmålet – og det var slettes ikkje så skræmeleg som språkfanatikarane postulerte. Det var bare ei naturleg utviding av eit kulturområde, og litterært sett eit svimlande fyrste møte med norsk bokheim i si fulle breidde. For aller fyrste gong fekk ein tenåring frå «urskogen» innsyn i ein samla norsk litterær produksjon. Inspirerte lærarar, utan for mange fordomar førde oss unge frå bygde-Telemark inn i ei ny verd, i tillegg til den «nista» vi hadde med oss frå dialektane og det nynorske. Leselysta auka.

Men nå da, kva er så stoda i dag?

Vi kan lesa i avisene at dei alltid malande, negative kreftene har fått det slik til, at tre årskull i dei vidaregåande skulane i Oslo skal «sleppe» sidemålet – ein generasjon gymnasiastar – for å bruke det gamle namnet, skal ha bokmål som einaste innfallsport til norsk språk og litteratur. Eit forsøk heiter det, og det inviterast til forsking på resultatet. Tenk det Hedda!

Dei unge jublar, ja mange unge jublar i dag for å sleppe å lære andre ting enn dei snevert poeng- og karaktergjevande faga. Ein undrast, og minnest, og må dessverre konkludere litt surt : Der eit par generasjonar før såg det som eit privilegium og lykkehende å få lære, lese og studere – bli til noko, og utvide horisonten – synes nå å vera nivellert ned til eit minste felles multiplum på snarvegen til karriere, pengar og status. Eg er overtydd om at di breiare fagområde du får med deg frå vidaregåande skular, di lettare har du for å forstå og velja høgare utdaning – og, samstundes fungere best allment seinare i livet.

Det er synd på dei unge, det er ille å bli forført, og det er vondt å vakne til ein vaksen røyndom du eigetleg ikkje ville vera med på å skape. Forsøket i Oslo smittar, temmeleg kjapt kom Vestfold på banen og vil kanskje søke om ei tilsvarande ordning for heile fylket.

Så til sjølve tittelen – det som verkeleg skræmde meg var eit oppslag om eit bokbål! Sjølve ordet skaper assosiasjon til tredveåra, og ein viss herre med bart som på politisk grunnlag brende bøkar og fjerna «entartete Kunst»- for så å kunne styre sitt folk i ei einsretta, ulykkeleg lei!

I radio nyleg stod det fram ei jente, elev i vidaregåande i Oslo, som hadde sin private agenda i samband med prøveorninga: Gjenta, som i intervjuet avsløra eit ordfatig og forflata klisjespråk, - ho støtta seg til «lissom» og «kult» i annankvar setning – hadde som sitt prosjekt å invitere sine medelevar til eit veritabelt bokbål!

Alle lærebøker og materiell knytt til sidemålet – i dette høvet nynorsk – skulle brennast på bål og avskaffast til evig tid i ein slags høgtideleg kollektiv seremoni! Ho venta brei oppslutning til korstoget sitt, som ho fant spanande – og, altså, 'kult'!

At dei historiske hendingane, knytt til bokbrenning, bilætstorm og andre kulturfiendtlege ytringar opp gjennom tidene, var ukjent for henne, var ikkje det minste rart!

Kva er det med dei attanforliggande kreftene i samfunnet som gjer ein elles normal tenåring så sikker på at bokbål er «kult»?

Det er nok desverre det som eg nemnde ovanfor, at det meste skal og må vera så nyttig, rasjonelt, effektivt og lønsamt i vår tid. Vår minister for skule og utdanning hyser også desverre desse ideane, og postulerer målmedvete likhetstegn mellom materiell framgang og livslykke.

Det heiter at tilgangen på nynorsk litteratur og språk skal bli minst like god og meir lystbetona ved å fjerne det skriftlege pliktmotivet. Tru det? Vi som har lært og forstår framande språk veit inderleg vel at forståing og interesse kjem ved grundig læring – skrifleg og muntleg. Å «leike» seg til brukbare kunnskapar i til dømes fransk og engelsk trur vel dei færraste er ein pedagogisk metode som fører fram?

Vi treng begge språka i dette vesle landet, og vi treng ei naturleg utvikling i det å få med oss, og dyrke fram det beste frå begge målføra. Dette, blant anna, for å gjera eit framtidig norsk rikare, meir funksjonelt og truleg meir motstandsdyktig mot amerikanisering og ein aukande engelsk-dominans i internasjonalt samkvem og ei mektig mediaverd.

Det vil framleis, får eg vone, vera plass til våre klassiske og nåtidige diktarar, både dei som skreiv, og skriv på bokmål og nynorsk. La ikkje korttenkte politikarar, med sine spareknivar, og fanatiske «språkmullahar» på begge sider, ta denne arven frå komande generasjonar av norsk ungdom.

Det vil framleis, får eg vone, vera plass til våre klassiske og nåtidige diktarar, både dei som skreiv, og skriv på bokmål og nynorsk.

Artikkeltags