Som einaste i landet tilbyr Seljord folkehøgskule linjefaget «Viking» komande haust.

ETABLERT KONTAKT

– Me gjer litt nybrottsarbeid. Ein har med dette interessante år framfor oss, påpeikar rektor ved Seljord folkehøgskule, Arve Husby.

Med utgangspunkt i tradisjonelle teknikkar og arbeid med organisk materiale som skinn, lær, bein, ull og metall vil ein lære å sy, smi, lafte og halde ved like. Skulen har dessutan etablert kontakt med Olavs menn på Akkerhaugen, og ein vesentleg del av linjefaget vil omhandle aktivitet i og rundt Osebergskip-kopien «Åsa», som ligg til kai ved Norsjø.

Rektoen fortel om god pågang til linjefaget.

KULTUR OG TRADISJON

– Me har bare to ledige plassar igjen, så det er tydeleg at faget er av interesse, seier Husby. Han fortel at kunst og handverksfag har hatt solid oppslutning ved skulen gjennom fleire år, og at ein med viking-linja vidare fører mykje av dette.

– Telemark er eit fylke som er sterke på kultur og tradisjon. Dette er viktig for oss å vere med på å fremje. Med dette nye linjefaget håpar ein at elevane vil få ei endå breiare innsikt i og moglegheit til å gå djupare ned i handverkskulturen. Skulen er også godt til rettelagt for dette. Mellom anna har ein ei smie, som ein reknar med vil komme til nytte, påpeikar rektoren.

Kontakta med Olavs menn vil også vere av stor verdi frå starten av.

OVERFØRINGSVERDI

– Mykje av arbeidet i og rundt båten vil også kunne knyttast til ulike teknikkar. Korleis ein driftar og held ved like ein slik båt, korleis ein syr og brukar eit segl, aktuelle klede og utstyr, skikk og bruk i kvardag og fest, levemåtar og læra om livet på havet, fortel rektoren, som trur faget, som baserer seg på kunnskap for meir enn 1000 år sidan er minst like aktuell i dag.

– Ja, absolutt. Det handlar om å lære seg teknikkar og utvikle ferdigeheiter med stor overføringsverdi, påpeikar rektoren som legg vekt på det praktiske og det å kunne bake inn teorien som ein del av dette.

Lærarstillinga og ein assistent til linjefaget vil også bli fullsette i løpet av våren.

– Det er ein del som må på plass, men eg reknar med at me er i god rute til oppstarten til hausten, seier rektoren om vikinglinja.

Det nye linjefaget vil truleg erstatte eksisterande linje for biletkunst.

GODE SØKJARTAL

Det ser elles ut til å bli full skule i Seljord frå hausten av. Sjølv om ein bare skriv halvvegs i mars, er 82 av dei 92 skuleplassane alt fullteikna. Nokre linjer som ekspedisjon, musikal og paragliding har også ventelister.

– Paragliding var nytt i haust og har vore veldig populært. Både musikal og ekspedisjon har vore etterspurde i fleire år. I tillegg blir det linjefag i friluftsliv, musikk live og singer-/songwriter.

– På ulike måtar stør dei skulens hovudmålsetjing som er å utvikle seg fagleg og sosialt, og bli merksame og reflekterte på at det finst ei verd utanfor dei sjølve.

– Med viking-linja får skulen endå ei ny side, noko som er spennande både for elevar, lærarar og det totale læringsmiljøet her i Seljord. Me gler oss til å vere i gang, slår Husby fast.