Gå til sidens hovedinnhold

Seljord kommune innfører karantenepåbod

Artikkelen er over 1 år gammel

Ordførar Beate Marie Dahl Eide seier at karantenepåbodet i første omgang gjeld Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Innlandet, Vestland og Trøndelag.

Områda dette gjeld er dei i Noreg som har størst utbredd smitte og at det difor er naudsynt å iverksette karantene for reisande frå desse områda.

Det vert òg vurdert karantenepåbod når det gjeld øvrige delar av Vestfold og Telemark fylke, skriver kommunen i ein pressemelding.

Vedtaket vil gjelde med tilbakeverkande kraft frå 10. Mars. Karantenetida er sett til 14 dagar. Dette betyr at alle som var i desse fylka 10.mars eller seinare må vere i heimekarantene i 14 dagar, på same måte som alle som har vore i utlandet.

Karantenepåbodet gjeld alle som reiser inn til Seljord, også dei som pendlar til arbeid utanfor kommunen. Seljord kommune har gjennom kommuneoverlege Kine Jordbakke også teke initiativ til at dette vert eit felles karantenepåbod i Øvre Telemark, og ventar no på attendemelding frå dei andre kommunane på dette.

Ordførar Beate Marie Dahl Eide ber alle som bor i Seljord vurdere om reisene sine ut av kommunen er strengt nødvendig dei neste vekene:

- Det er alvor no. Vi må alle gjere det vi kan for å hindre smitta i å spreie seg. Vi har framleis ein handterbar smittesituasjon i vårt område, men dette kan raskt forandre seg.

Akkurat no må vi alle godta alvorlege innskrenkingar på kvardagslivet vårt. Livet vil kunne gå som normalt att, men no er det tid for dugnad og å innsjå alvoret i situasjonen.

Ordføraren oppmodar innstendig om at alle set seg inn i dei nasjonale føringane og respekterar påbod om heimekarantene og heimeisolasjon.