Det er viktig at det som det offentlege informerar om er korrekt, og så nøytralt som mogeleg. Grunnen til denne eposten og bileta er det innspelet som kommunikasjonsansvarleg i vegvesenet Lars Helge Rasch hadde i avisene om trafikken på E134 over Haukelifjell.

Det vart hevda at det var ei ventetid på 3 timar. Det kan godt hende det, men det var i så fall ikke snakk om eit problem separat knytt opp til kolonnekøyringa. Dette var truleg eit problem som oppstod i samband me dei trafikkulykke der vegen fysisk vart stengd, og då kan det gå 3 timar, men det vil eg kalle feilinformasjon.

Det vart foreslege at trafikantane nytta E18 eller rv7. I same avisa som det stod om E134 så var det ein artikkel om at det var kø påE18. Då er det lite hensiktsmessige å foreslå meir trafikk på den vegen.

Starta midt på dagen

Eg tenkte at dette vil eg finne ut av, så eg tok meg ein turi dag over fjellet fra Haukeligrend til Odda og retur. Eg starta opp kl. 12.30, som er midt på dagen og ein forholdsvis stor trafikk, og det var det.

Den fyrste kolonna er gjennom Vågslidtunellen, der sat me og venta i 10 minuttar, så var me igang.

Me kom fram til Haukelitunellen, då hadde det kome en del bilar og kolonna vart temmeleg lang, bort mot det fyrste høydedraget i vegen der skilta for Odda kommune står.

Men det gjekk fort, me stod kun i 15 minuttar, så var meigang.

Det var ikke noko kolonne i Seljestadtunellen, så vegen vidare til Odda gjekk utan stopp.

Returen gjekk også greit, me måtte vente i 25 minuttar og bruka 10 minuttar i kollonekøyring fra Midtlæger og så var me på austsida av Haukelitunellen.

Framme ved Vågslidtunellen skjedde det som alle ynskjer, kolonna er igang når ein kjem fram, så då vert det ikke noko ventetid.

Ikke eit problem

Me var attende i Haukeligrend kl. 17.00. Det var ein tur som informera meg om dei faktiske forholda på Haukelifjell, og ikke det som stod i avisa for nokre dagar sidan.

Eg skriv dette og sender det ut i media for om mogeleg å fåslå hel den feilinformasjonen som Statens Vegvesen har greidd å spreke. Eg har fylgt med i utviklinga av E134 gjennom mange år, og dessverre så er det personar som greier å motarbeide utviklinga av denne viktige stamvegen mellom aust og vest, og då er det berre ein medisin til dette og det er å ta til motmæle.

Det er å vone at avisene og NRK tek tak i dette, for det er ein total feilinformasjon. Det er ikke eit problem å ta turen over Haukelifjell, og den stoppen som det her er snakk om har dei vegfarende berre godt av. Eg såg når me sat å venta før Haulelitunellen på Midtlæger, då var mange ute og lufta bikkjene sine, og ungane var ute å rente på snøfonnene inn med vegen.

Så positivt er det å ta turen over Haukelifjell, ein fantastisk flott fjelltur foro dei som ikke har køyrt over der enno, ta turen iår, det er sjelden at eg har sett så mykje snø som no i slutten av juli.