Vel overstått fylkeskappleik

Artikkelen er over 12 år gammel

Både unge på juniornivå og veteranar innan spel, dans og kveding fant vegen til Fylkeskappleiken som for første gang blei arrangert i sambrukshallen på Akkerhaugen i Sauherad lørdag.

DEL

Ballet åpna allereie fredag kveld med konsert til minne om den markante felespelaren Kristiane Lund frå Bø, som døydde for 30 år sidan.

I tillegg til gode utøvarar frå Telemark, var det mange dyktige gjester utanfrå fylket som stilte på scena, både spelemenn og -kvinner frå Kongsberg, Setesdal og Oslo. Men ingen utøvar utanfor fylket har lov til å smykke seg med tittelen fylkesmeister.

Leiar av arrangementet, Harald Omnes, seier at antall deltakarar i år låg på omtrent same nivå som i fjor. Han var særleg nøgd med at det etter kvart kom mange tilskodarar i salen. Blant utøvarane var det mange yngre med i år, noko som kan tolkast positivt med tanke på rekruttering til folkemusikkmiljøet.

IKKJE EGGKASTING

Arrangøren var også glad for å sjå god bredde på kappleiken med utøvarar i alle klasser.

Ein etter ein gjekk dei på scena. Bø Spelemannslaget Bøheringen piska opp stemningen tidleg på ettermiddagen med godt spel. På repertoaret sto den fengande gangaren «Hopparen» og springaren «Tømmerkjøraren». Konferanserien beit seg merke i at enkelte av medlemmane stilte i full russemundur.

- Ein del av dei har fått nye bunader. Det er for å prise våren trur eg, humra ho i mikrofonen.

- Eg kan ikkje tenke meg at dei kastar egg, dei spelar fele i staden, fastslo ein annan deltakar, Olav Sem, etterpå.

Bland spelemennene i Bøheringen er Torgeir Straand, som mellom anna forsynte seg med seier i A-spel, vandrepremien i spel klasse A, samt minnepokalen frå Gunnar Myrland for beste Fykerudspel.

VETERANAR

Rutinerte Anne Gravir Klykken frå Spelemannslaget Vårlengt vant kveding klasse A, og ho fekk vandrepremie frå vertskommunen for høgste poengsum i kveding med sine 126 poeng.

Første mann ut på scena var seljordingen Kittil Brekke som er busett i Bø, og medlem av Vårlengt. Han stilte med kveding i D-klassa, for utøvarar over 60 år. Og vant. I motsetning til kollega Olav Sem frå Fjellrosa, som var på sin første kappleik i 15-16-års alderen, har Brekke vore med på kappleik i berre fem-seks år. I år stilte han med to viser, og fekk skryt av Sem som kom på ein andreplass i same klasse.

- Eg skal både danse og synge stev, men eg veit ikkje om eg har stemme til ei heil vise, sa heddølen Sem i ei av pausene lørdag. Han vant i dans klasse D.

Både han og Brekke er einige det er moro å treffe folk på kappleik. Brekke fekk dessutan med seg noko av buskspelet etter fredagens konsert, for aldri ein kappleik utan «jamming» og sosial omgang utanom tevlinga.

MANGE PREMIERTE

Ei av dei som viste bredda i folkemusikken lørdag, var Trude Saatvedt Lien frå Kongsberg som imponerte mange med bruremarsj og setesdalsgangar i durspel. Ho er student på høgskulen på Notodden, og kanskje får vi høyre meir til ho og andre utøvarar til høsten, dersom Olav sem og lokale folkemusikkrefter greier å stable på beina ein folkemusikkpub i nabokommunen Notodden etter sommaren.

Ellers gjorde utøvarar frå Bø dansarring det skarpt med mange premiar, men også verten Nes nasjonale dansarring var godt representert i tillegg til spelemannslaget i Seljord.

Artikkeltags