- Det var rett og slett heilt fantastisk, ei oppleving av dei store, sa ein oppglødd Ola Hilmen etter besøket på Bø Museum og eit par slåttar på den ettertrakta fela «Kjempa».

NYTT LIV

Dagleg leiar på prosjektet Bø i Felemark, Kjell Bitustøyl, var ikkje sein om å invitere folkemusikkgruppa til gards i samband med konserten deira i Bø før helga. Felespelarane Ola Hilmen og Erik Sollid stilte meir enn gjerne opp. Og frå livet i glasmonterane fekk dei gamle og gjæve instrumenta nye utfordringar i hendene på dei unge og energiske felespelarane.

- Det var frykteleg moro. Å spele på «Kjempa», ei av landets mest etterspurde feler, var verkeleg stort, poengterte Hilmen og meiner det er ein grunn til at fela er så berømt.

- Som namnet tilseier, det er ei kjempefele. Eg gav på som bare det når eg spela og fekk unormalt mykje tilbake, legg han til, med god forståing om kvifor spelemenn har sikla etter fela sidan ho vart bygd i 1864.

«KJEMPA»

«Kjempa» vart bygd av Erik Johnsen Helland. I åra som fylgde vandra ho frå den eine storspelemannen til den andre. Frå Gåtuholt i Kviteseid gjekk ho til Leif Sandsdalen i Seljord.

Alt då gjekk det rykte om at fela var særskild god, og den pengesterke Halvor Borgen på Borgja i Bø kjøpte ho deretter for at sønene hans skulle få glede av henne. Det gjorde dei, og særleg Gunnulf Borgen merkte seg ut med instrumentet som vinnar av dei fleste kappleikane i landet på 1930-talet.

Bø kommune arva denne sidan, og i nyare tid er det bøheringen Sveinung Dalen som har bruka ho.

LEVANDE MUSEUM

- Fela kling fint i hendene på dei fleste og det var moro å sjå kor godt både Hilmen og Sollid fann seg til rette med henne, fortel Bitustøyl, og understrekar at det er viktig å halde så gode instrument i live.

- Sjølv om dei er ein del av utstillinga er dei alt for gode til å berre henge der. For eit levande museum er det viktig at ein kan bruke instrumenta aktivt, legg den daglege leiaren til, som syntest det var svært triveleg at dei unge musikarane fann vegen til Oterholt.