Tekstutveksling for moroskuld

OPPFORDRAR: Involverte i Kartfestivalen og Leonardos Øre, Heidi Christoffersen, Harald Nordbø (t.v.), Øyvind Dale og Bjørn Thore Andreassen, oppfordrar personar med tekstar på papiret eller hjarta til å leggje turen til Gvarv torsdag.

OPPFORDRAR: Involverte i Kartfestivalen og Leonardos Øre, Heidi Christoffersen, Harald Nordbø (t.v.), Øyvind Dale og Bjørn Thore Andreassen, oppfordrar personar med tekstar på papiret eller hjarta til å leggje turen til Gvarv torsdag. Foto:

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

Musikken har fokus på Kartfestivalen. Men på opningsdagen, torsdag, er det teksten som står i sentrum.

DEL

Sommertilbud: 5 kr for 5 uker!

Med ønskje om å gje festivalen større breidde og gjenta fjorårssuksessen, byr arrangørane bak Kartfestivalen og Leonardos Øre inn til artig og uformell tekstopplesing. I kunstnariske omgjevnader skal det gå slag i slag mellom ulike sceneinnslag og opplesing av sjølvskrivne tekstar. For torsdag er det såkalla poesislam på Kjernehuset på Gvarv.

FJORÅRSSUKSESS

- Det var så vellykka i fjor at poesislamen håpar me er komen for å bli, seier Heidi Christoffersen i Leonardos Øre. Heile 13 deltakarar; diktspirer, etablerte, amatørar og andre, var med og la fram store og små bidrag i forkant av festivalen sist.

- For det første var det veldig artig og god stemning, men det avdekte også mange som rugar på gode tekstar av ulike slag, og som verkeleg hadde godt av å setje desse ut i live, fortel Christoffersen, som håpar, om mogleg, på eit endå større mangfald i år.

FLEIRE UNGE

- Det var jo veldig variert sist. Her var gamle og unge, etablerte kunstnarar så vel som av det ferskare slaget, godt spreidde over heile fylket. Men i år ønskjer me endå fleire unge med på laget, og oppfordrar difor særleg denne gruppa til å finne vegen til Kjernehuset, presiserer Christoffersen, som understrekar at arrangementet er ope for alle og burde kunne interessere det breie laget av folket. For ein spennande programleiar er hyra inn til å binde det heile saman.

- Bibliotekar, entertainar, skribent og brannsupportar, Stig Elvis Furset, gav tidlegare i år ut boka ”Den raude veggen”. Fursets rolle vil først og fremst vere å lose poesislamen vel i hamn, men seinare på kvelden vil han også presentere utdrag frå boka si, i samband med bokkafeen, fortel Christoffersen.

FESTIVALLINK

Furset, som har to store heltar i livet sitt; fotballaget Brann og musikklegenda Elvis, lagar også ein særskild link til festivalen, som for alvor brakar laus fredag.

- Sjølv om ikkje Furset først og fremst kjem til å vektleggje Elvis-imitasjonane sine, ber han med seg mellomnamnet til rockelegenda som også har ei særskild rolle på Kartfestivalen i år. Saman med åtte einskildpersonar vil musikkgruppa Ni Liv gje ulike tolkingar av denne, presiserer Bjørn Thore Andreassen i Kartstyret, som er svært takksam for å ha Leonardos Øre med på laget for å skape ei fyldig festivalpakke.

POESISLAM

Tradisjonen med poesislam er heller ny her til lands, men i Norden og andre stader i verda er denne blitt ein godt innarbeidd praksis. Poesislam er ei blanding av ein tekst- eller diktkonkurranse og ei såkalla hip hip-tevling, der deltakarane står heilt fritt til å meddele publikum det ein måtte ønskje av sjølvskrive materiell. Innanfor ein treminutts-seanse, vil både form, innhald og framføring telje. Og ein publikumsjury, med ein skala frå ein til ti, gir deretter poeng til desse. Vinnaren på Gvarv går rett til ein delfinale i Oslo i løpet av hausten, og kjempar sidan om ein NM-tittel. Noregsmeisteren får ei reise for to til poesislamens opphavsstad, nemleg Chicago.

Artikkeltags