Stilreint kunstverk avduka

INSPIRERANDE: Eit kunstverk til inspirasjon, blei det sagt ved avdukinga. Frå venstre stortingsrepresentant Gunn Olsen (Ap), bilethoggaren Christian Svendsen og Svein Kostveit, direktør ved Attføringssenteret.

INSPIRERANDE: Eit kunstverk til inspirasjon, blei det sagt ved avdukinga. Frå venstre stortingsrepresentant Gunn Olsen (Ap), bilethoggaren Christian Svendsen og Svein Kostveit, direktør ved Attføringssenteret. Foto:

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

I går fekk Attføringssenteret på Rauland ei sjeldan gåve - ein 5,2 meter høg bronseskulptur med tittelen «Vilje og vekst». Dette flotte arbeidet vil bli til inspirasjon for alle som kjem hit og alle som arbeider her, sa stortingsrepresentant Gunn Olsen da ho avduka monumentet som er skapt og gitt av den danske bilethoggaren Christian Svendsen.

DEL

Det er ikkje første gongen kunstnarar kjem til Vinje og Rauland og let seg inspirere av naturen og kulturen her. Men Christian Svendsen er kanskje den einaste frå Danmark. Han kom hit første gongen for 16 år sidan, og det var i sær handverkstradisjonen som til å begynne med vekte interessa hans og fekk musikaren og komponisten til å leggje om kursen og prioritere bilethoggarkunsten. Seinare har han fullført fleire store arbeid i heimlandet, men nå var altså tida inne til å «kvittere» for impulsane han har fått av det skapande livet i bygdene under Hardangervidda.

LIVGIVANDE

Svendsens nonfigurative bronseskulptur har to armar som gir eit inntrykk av ei lett og elegant dansande rørsle, og det innbyrdes samspelet mellom dei skaper eit rom, med plass for ein drope av livets vatn som gir næring til vilje og vekst. Sokkelen - i massiv granitt frå Bornholm - symboliserer livets fundament. Sokkelen er den solide plattforma som gir oss eit utgangspunkt for spranget ut i den store verda, sa Svendsen da han orienterte publikum og gjester.

«HJARTEBARNET»

Enkel, stilrein og mektig, var Vinje-ordførar Arne Vinje sin karakteristikk av gåva, mens Gunn Olsen sette stor pris på å få høve til å forlate Stortinget og koma til Rauland og sjå om «hjartebarnet» sitt. Vi har vunne fram og fått plassert Attføringssenteret som eit nasjonalt kompetansesenter for yrkesretta attføring. Ei slik gåve er med på å gi ny inspirasjon til både brukarar og tilsette, sa ho.

Julie Alapnes på fele og Gøril Sunde på cello, begge folkemusikkstudentar på Rauland, trassa kuldegradene og dertil høyrande stive fingrar og vermde publikum med glade tonar, og over Falkeriset kom to svært lystige elgjegrar for å sette den kunstnarlege nyskapinga i sitt rette perspektiv. Herdis Gautefall og Åse Hylland, begge fysioterapeutar på senteret, drog fram eit elggevir - og både gjester og ikkje minst kunstnaren sjølv måtte fram med gapskratten over den litt uvørne samanlikninga.

Etter avduking, fotografering og filming ute bar det inn til glovarm og velsmakande kjøtsuppe, fleire helsingar, gåver og blomar.

Artikkeltags