Profilerer folkemusikk-lina

Artikkelen er over 16 år gammel

«Raulandsstudentane» står det i konsertomtala frå Telemarksfestivalen. I år er det Ottar Kåsa, Aslak Brimi, Astrid Sulheim og Linda Gytri som skal fronte folkemusikk-lina på musikkfestivalen i Bø.

DEL

Telemarksfestivalen tok i bruk omgrepet «Raulandsstudentane» for fyrste gong i fjor. I år har festivalen atter handplukka fire studentar frå folkemusikk-lina på Rauland.

- Dette er veldig dyktige utøvarar, og dei har utmerka seg gjennom fleire år. Folkemusikk-lina ved Høgskolen i Telemark trekkjer òg til seg dei mest lovande talenta i landet, seier Kjell Bitustøyl i Telemarksfestivalen.

FOLKEMUSIKK-TALENT

I år er det altså Ottar Kåsa frå Vinje, Astrid Sulheim og Aslak Brimi frå Lom og Linda Gytri frå Sunnfjord som er talenta. Dei trakterer høvesvis hardingfele, vanleg fele og trekkspel, men ikkje i samspel.

- Nei, Ottar vil ikkje spele med oss, hevdar medstudentane hans lattermilde. Det er slett ikkje for at han ikkje vil, men han forklarar det med at det er ulik stemming på hardingfele og vanleg fele.

For tre av aktørane er det òg fyrste gong dei opptrer på denne musikkfestivalen, medan Ottar Kåsa deltek for tredje gong.

TO KONSERTAR

I løpet av festivalhelga, som er andre helga i august, har studentane to konsertar. Fredag ettermiddag stiller dei opp på familiekonserten i Gullbring. Der vil også Tran Quang Hai frå Vietnam opptre. Laurdag kveld spelar dei opp på folkemusikkpøbben på Pizzafjoset. Der vil også gruppa Tigerlily vere til stades.

- Me har ikkje planlagt så veldig mykje, men me må vel treffast i løpet av sommaren for å øve litt, erkjenner studentane. Då TA var i kontakt med dei, var dei nemleg travelt opptekne med å avslutte 1. året ved folkemusikk-studiet. I løpet av dette året har dei lært veldig mykje, som kanskje kjem til utrykk under Telemarksfestivalen.

- Sjølve studiet har vore mykje teori. Det utøvande kjem på fritida, Då har me site mykje saman og spelt, og lært av kvarandre, seier Aslak Brimi. Han og dei andre ser fram til å representere skulen på årets Telemarkfestivalen.

REPRESENTERER: I år er det Aslak Brimi (t.v), Astrid Sulheim, Ottar Kåsa og Linda Gytri som representerer folkemusikkstudiet i Rauland ved årets Telemarksfestival.

foto: merete loftsgarden

Artikkeltags