Gå til sidens hovedinnhold

Noregsmeister på munnharpe

Artikkelen er over 12 år gammel

Landskappleiken i Oppdal er i full gang. Onsdag blei Jon Elling Buen Garnås frå spelemannslaget Bøheringen noregsmeister på munnharpe for seniorar.

Den fyrste tevlinga på årets landskappleik starta klokka 13.00 onsdag. Dei flinkaste i fele, munnharpe, vokal og dans i Noreg skal konkurrere fram til sundag.

Alt på onsdag markerte telemarkingane seg. Bøheringen Jon Elling Buen Garnås tok fyrsteplass i senior-noregsmeisterskapen på munnharpe. Han spela ein slått frå Tuddal og ein frå Setesdal.

- Hittil har det vore veldig moro på landskappleiken. Eg skal ikkje konkurrere noko meir denne helga, men eg skal spele på meisterkonserten på sundag, seier Garnåsen.

Han fortel at det ikkje er så mange deltakarane frå Bø i år.

- Det er ein del frå Seljord her. Elles treff eg mange gamle kjente her oppe, seier Garnåsen.

Det var ikkje berre på munnharpe telemarkingane gjekk til topps. Seljord juniorspelemannslag tok sigeren i lagspel for juniorar på hardingfele. I seniorklassa i same konkurranse kom Seljord spelemannslag på ein bronseplass. Spelemannslaget Bøheringen hamna på ein åttandeplass.