Gå til sidens hovedinnhold

Terningkast 5Magisk og mektig musikkverk

Artikkelen er over 12 år gammel

Folkemusikk og samtidsmusikk smelta saman til ein times magisk musikkoppleving. Slik kan «Runartromma», bestillingsverket til Telemarkfestivalens 20-årsjubileum, best karakteriserast.

Øyonn Groven Myhren og medspelarane i Sisu fekk varm og langvarig applaus av eit talrikt publikum på urpremieren i Gullbring i går kveld.

I den greske mytologien heiter dei Orfeus og Eurydike – her hos oss er det gjerne Villemann og Magnhild eller Gullmon og Signelill det handlar om. Slik som i Øyonn Groven Myhrens «Runartromma» som fekk si urframføring i går kveld.

Øyonns markante spel på harpe og lyre og hennar sterke og frodige songstil bar dei gamle balladane heilt fram – i ei ny og dramatisk ramme, lagt av ein trio som brukte tilsynelatande alle middel for å gi tingingsverket den dramatiske klangen komponisten ønskte seg.

Råmaterialet til «Runartromma» fann Øyonn i fem gamle, norske balladar der fellesnemnaren er bruk av tromme, ikkje harpe eller fløyte, men tromme. Den eine av balladane skriv seg jamvel frå Kviteseid – også her prøvar helten å spela kjærasten opp frå elva ved å slå på tromme.

BREITT REGISTER

Dermed kunne komponisten gå vidare og leite fram kva slags tromme-liknande instrument som er å finne i norsk folkemusikktradisjon. Og det er ikkje få. I dei gamle balladane heiter det gjerne at han «slo på harpa», og både basslangleik og den norske utgåva av hakkebrettet, nemnt i Bergen i 1612, eignar seg svært godt som perkusjonsinstrument.

I tillegg hadde dei tre perkusjonistane forsynt seg grådig i klokkeriket, og all denne rikdommen av slaginstrument var med på å gjera «Runartromma» til eit svært visuelt og jamvel fargerikt musikkverk. Marius Søbye, Bjørn Skansen og Thomas Nilsson i Sisu har traktert trommer og perkusjonsinstrument saman i ei årrekkje og er i hovudsak engasjert innan samtidsmusikken.

- Dei tre perkusjonistane mine er vidunderlege å samarbeide med. Her er det ikkje langt frå tanke til handling. Dei er langt på veg eit heilt orkester, sa den opprømte hovudpersonen til TA etter at applausen omsider hadde stilna.

TIL BERGEN?

Tonane er dels tradisjon, dels nye, dels omsmelta folketonar, og sjølv om «handlinga» ikkje får ein lykkeleg utgang - heller ikkje i folkemusikken let Døden seg lure – er ikkje verket utan humor. Og da runartromma i siste «akt» blei traktert for full styrke av trioen i Sisu, var det mest som taket løfta seg i Gullbring.

- Kva nå – har dette vore ei eingongsframsyning?

- Det vil vise seg. Takka vera flott støtte frå Telemarkfestivalen har eg fått ein sjanse til å gå vidare med «Runartromma» og kanskje lage eit enda meir konsistent og reint folkemusikalsk verk.

- For Festspela i Bergen neste år?

- Det har eg ikkje tenkt på, men det var ein god idé!