Klenodium til feleprosjektet i Bø

STOLT: Dagleg leiar av Bø i Felemark, Kjell Bitustøyl, er stolt over at prosjektet har blitt eigar av den innhaldsrike notatboka til Gunnar G. Helland. 
Foto: Ingebjørg Bø

STOLT: Dagleg leiar av Bø i Felemark, Kjell Bitustøyl, er stolt over at prosjektet har blitt eigar av den innhaldsrike notatboka til Gunnar G. Helland. Foto: Ingebjørg Bø Foto:

Av
Artikkelen er over 12 år gammel

Ei komplett oversikt over hardingfelene som Gunnar G. Helland har seld, er komen til prosjektet Bø i Felemark.

DEL

- Eit viktig bidrag til kompetansesenteret, påpeikar dagleg leiar Kjell Bitustøyl.

Det var i samband med eit amerikabesøk i sommar at den gjæve boka fann vegen til det pågåande kompetansesentret i Bø. Familien til den kjende felemakaren var på vitjing i felebygda, og donnerte i den samanhengen den innhaldsrike blekka.

- Det syner at familien hans har stor tillit til prosjektet vårt, seier ein stolt dagleg leiar.

KLENODIUM

Den gamle notatboka syner presise notat av feler Gunnar G. Helland selde frå 1903 til 1958. Bitustøyl meiner boka er eit klenodium.

- Her står det mellom anna at i 1921 var det seld ei fele for 250 dollar til Sveinung Innleggen. For utan dette er også fleire kjende namn i området omtalt, som truleg omhandlar utvandra bøheringar eller slekt av desse. Boka er ei verdifull samling for prosjektet vårt, seier Bitustøyl på vegne av Bø i Felemark.

GRUNNLEGGJAR

Gunnar G. Helland (1889-1976) er ein av dei største felemakarane ein kjenner til i nyare tid, og felene hans har ry på seg for å vere blant dei aller beste. Saman med bror sin og Knut K. Steintjønndalen, la han grunnlaget for felemakartradisjonen i bygda. Arbeidet til desse karane, er ein sentral del av bakgrunnen for etablering av kompetansesenteret i bygda.

GOD KONTAKT

Tidleg på 1900-talet reiste Helland til USA og starta firmaet Helland Brothers saman med bror sin Knut G. Helland. Først heldt dei til i Wisconsin, sidan flytta dei til Fargo i Nord-Dakota. Trass i avstanda, har kontakta over Atlantaren likevel vore god. Og ikkje minst etterkomarane til felemakarbrørne har synt særleg stor interesse for Bø og tradisjonane som er ivaretekne der. Overlevering av notatboka provar også dette.

Artikkeltags