Til helga er det klart for folkemusikk og -dans frå morgon til kveld i Bø.

Spelemannslaget Bøheringen, Bø Dansarring og Bø ungdomslag er blant dei som arrangerer den årlege og attraktive fylkeskappleiken i Telemark.

KONSERT

Fredag kveld er det lagt opp til heilaften med konsert og dans. Agnes Buen Garnås står saman på scenen i Gullbring med bror sin, meisterspelemannen Hauk Buen.

I tillegg har dei med seg spelemannen Leif Rygg frå Voss og hallingdansaren frå Jondalen, Tom Løvli. Sistnemnde har verdsrekorden i høgt spark på hatten og vann klassa si på landskappleiken på Gjøvik i sommar.

Konserten har tittelen «Telemark i ord og tonar». Som vanleg stiller òg eit 30-tals spelemenn og -kvinner frå spelemannslaget i Bø. Etter konserten vert det dans på Bø hotell.

GJEVE VANDREPREMIAR

Laurdag er det kappleik på ungdomshuset Sandvin. Det er venta mange deltakarar, då arrangørane kan skilte med mange gjeve vandrepremiar innan både spel, dans og song.

Det er mellom anna ei attraktiv hardingfele laga av Bjarne Øen, som det er høve for spelemenn å sikre seg napp i.

MØLLARGUTMEDALJA

Det gjevaste er nok likevel Møllargutmedalja, som vert delt ut av Bø ungdomslag og Telemark Folkemusikklag.

Dette er ei utmerking som heng svært høgt, men som ikkje automatisk vert dela ut kvart år. Møllargutmedalja i sylv eller gull vert delt ut til ein verdig spelemann, og kan hende er det noko på fylkeskappleiken som vil få seg ei ekstra positiv overrasking i år.

PUBLIKUMSKAPPLEIK

Tradisjonelt er dette ein kappleik som trekkjer mykje folk, både deltakarar og publikum.

I fjor var det vel 400 personar innom Sandvin i løpet av kappleikslaurdagen, og arrangørane håpar sjølvsagt på like god oppslutnad i år.