Den åttande dansebandfestivalen står på trappene. I år har festivalen fått nytt namn, no heiter han Seljordfestivalen.

- Me bytta namn for å kunne vri litt på artistane. Det var ein del band som ikkje ville kome til oss då me kalla oss Dansebandfestivalen. Men me skal ikkje vri oss vekk frå det vaksne publikummet altså, seier festivalsjef Knut Inge Skoland i Dyrsku'n arrangement.

Han fortel at mange av gjestene lenge har kalla festivalen for Seljordfestivalen, så han trur ikkje det blir nokon brå overgang.

EIN DAG EKSTRA

Endå noko som er nytt av året er lengda på festivalen. No byrjar moroa på onsdag.

- Me kan ikkje vere dårlegare enn andre festivalar. Dansebandfestivalen i Sel, som er konkurrenten vår, byrjar alt på tysdag, seier Skoland.

Det er totalt tjue artistar på plakaten i år. Onsdag og torsdag vil det berre bli spela frå cafe-scena. Frå fredag er alle tre scenene i bruk. Arrangørane har skaffa nokre ekstra telt i tilfelle sommarvêret skulle bli like ille som i fjor. Framom hovudscena står eit 1 400 kvadratmeter stort telt med 10 meter under taket på det høgaste. Der kan folk både ete og danse.

EITT TONN WIENERPØLSE

Danseband-yndlingane Ole Ivars og publikumsmagneten Smokie er tilbake i Seljord. Fyrstnemnde skal spele på hovudscena laurdag kveld.

- Me prøver på eit 70- og 80-talstilbakeblikk i år. Svenna & Lotta & Heppstars, Ingemars og Banana Airlines er klare døme på dette, seier Skoland.

Førehandsbestillinga til festivalen er på same nivå som i fjor og Skoland reknar med bra besøkstal om vêret held seg.

- I fjor var det 19 000 betalande innom. Me håpar på å runde 20 000 i år, seier Skoland.

Med så mange besøkande gjeng det også mykje mat. Til årets festival er det bestilt eit tonn wienerpølser. I fjor gjekk det 800 kilo av dei og 750 kilo hamburgarar.

- Det er wienerpølse-generasjonen som kjem på Seljordfestivalen. På Countryfestivalen et publikum meir hamburgerar. Der gjekk det unna 1 110 kg med hamburgerkjøtt i fjor, seier Tellef Soløs som er serveringsansvarleg.

INNRYKK PÅ ONSDAG

Personalkoordinator Kim Aakre Bringa fortel at det er mange arbeidarar i sving på festivalen. 14 lag og organisasjonar jobbar under festivalen. I tillegg kjem omtrent hundre innleigde arbeidsfolk.

- På det meste er 200 menneske på jobb, seier Bringa.

Skoland fortel at det er mange som vil jobbe på festivalen år etter år. Tryggleiken er det kongsbergfirmaet Sølvberget Sikkerhet som står for.

- Me prioriterer tryggleiken til gjestene høgt. Her er det både lege, politi og brannvesen, seier Skoland.

Høg musikk kjem ikkje til å bli akseptert i campingområdet etter klokka eitt og blir ein tatt på fersken med ein oppfyrt rakett blir ein vist bort frå festivalen.

- 60-70 prosent av dei som har bruka å kome på torsdag har i år meldt at dei kjem på onsdag i, seier Skoland, som har plass til 3 000 campingeiningar på festivalen.