For meg er han den fremste, dikta hans er som hogne i stein, seier folkesongaren frå Vinje.

På cd-en som Kirkelig Kulturverksted gir ut, finn ein 14 Hauge-dikt tonesett av Sondre Bratland.

- Lyrikaren frå Hardanger råkar folk over alt, seier Bratland som i ei samtale med TA fortel om ein konsert i Betlehem i år 2000. Der song han saman med Oslo Kammerkor, og på programmet stod også «Det er den draumen», eit av Noregs mest lesne og siterte dikt. Da han og koret framførte songen, las Sondre Bratland også opp ei engelsk omsetjing av diktet, og ein kvinneleg litteraturprofessor omsette parallelt til arabisk.

UNIVERSELL

- Av ei samtale med henne etterpå forstod eg at mange av dei unge studentane hadde vore på henne for å få vite meir om Hauge og diktinga hans. Så lyrikken hans er i eigentleg forstand heilt universell, seier Bratland.

Det var gjennom samarbeidet med Oslo Kammerkor Bratland først tok for seg dette diktet. Kvedaren Berit Opheim og Bratland øvde inn eit program med koret. Songaren frå Vinje avslutta kvar øving med å sitere desse linjene om det evige håpet, og ein dag fekk han høyre at dette diktet treng ein tone. Kan ikkje du lage den?

- Eg var i tvil, for det er vanskeleg å gjera det betre enn diktet framført med diktarens eiga røyst. Men eg tenkte eg ville prøve, og Henning Sommerro laga deretter eit godt kor-arrangement, så slik blei songen til.

«GARTNAREN DRØYMER»

Seinare blei det fleire melodiar, ikkje minst da Sondre Bratland etter tinging frå Ulvik kommune drog til den årlege poesifestivalen i Ulvik med «Gartnaren drøymer», og nå i vinter kom så Bratland saman med dyktige musikarar i Kampen kirke i Oslo og tok opp dei 14 songane som er å høyre på «Det er den draumen».

- I folkemusikken er stevet sentralt. Det gjeld å uttrykkje ei meining med få ord. I denne tradisjonen finn ein somme av våre beste lyrikarar, og for meg er Olav H. Hauge den aller fremste, seier Sondre Bratland som håpar å kunne få til ein turné med Hauge-songane – om eg liver og har helsa, som han seier.